Meir enn glansbiletet

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva er familien?

Kva er eigentleg ein familie? Barnemusikaren Rasmus Rhode meiner det inneheld minst ein omsorgsperson, og minst ein som får omsorg, utan nokon øvre grense. Sosiolog Unn Conradi Andersen fortel om «stjernefamilien» – eit uttrykk ho vil lansera her i Noreg slik at alle kan skryta av sin familie, sjølv om den ikkje består av mor, far og ein storebror som gir truserøsk til dei som ertar.

– Det handlar ikkje om ein perfekt familie, men ein visuell metafor – kjerna som strekkjer seg ut til fleire kantar og er meir open, seier Andersen når ho forklarar kva «stjernefamilien» er.

LES OGSÅ: Transformatoren

Familie utan blodet
Unn Conradi Andersen sit med ei fersk doktoravhandling om familien. «Frå margin til mainstream» handlar om korleis me snakkar om og definerer familien i media. Doktoravhandlinga ser på ekteskapet, surrogat-familien og stefamiliar. Andersen har merka seg at ein familie kan vera mykje meir enn berre mor, far, to born og ein hund.

Korleis definerer ho ein familie? Ho likar i alle fall ikkje å utelukka nokon av moglegheitene.

– Til dømes er det ofte fleire enn to omsorgspersonar i stefamiliar. Og i samkjønnspar er det jo ein forelder utan biologisk tilknytning. Ein relasjon kan vera like verdifull sjølv om biologien er ute av biletet, forklarar Andersen.

Ho meiner foreldreskapet ikkje er noko du får automatisk av biologien – det er ein relasjon som må byggast over tid. Ho har basert doktoravhandlinga si mellom anna på nettdiskusjonar om familie, og det syner seg at det endå er vanskeleg for mange å snakka fram sin eigen familie i 2014, om den ikkje oppfyller glansbilete-krava.

LES OGSÅ: – Å prøve grenser på nett kan vere bra

Stolt av familien
Uansett er familiebiletet er i endring. Det har det vore lenge.

– Det er mange som lever i familiar som før vart rekna som marginale – alle må forholda seg til dette. Det blir fleire stefamiliar, og omtrent halvparten av befolkninga bur åleine – det er ein anna familiestruktur som til dømes inkluderer vennenettverk.

Korleis me omtalar familar, har mykje å sei, trur Andersen.

– Det å gi barna språk for å kunne snakka fram familiane sine med stoltheit er viktig, og at det finst slike historiar i media. Finst det ikkje, har ein heller ikkje noko å identifisera seg med.

LES OGSÅ: Banar veg for heltinner

Farmor og mormor er kjærestar
Rasmus Rohde er akkurat i gang med teaterframsyninga «Puppan te Pappa» på Trøndelag Teater. Han har ein filosofi om å ikkje undervurdera barn, og kan synga og tulla om alt mogleg – mellom anna at farmor og mormor blir kjærestar.

Her er eit opptak frå ei eldre framsyning med Rasmus Rhode.

– Det er eigentleg ein gladsang som tek utgangspunkt i at eg kjenner ei farmor og ei mormor som faktisk vart kjærestar i vaksen alder. Utgangspunktet mitt for barnemusikk er at det går an å skriva om alt. Først og fremst tullar me og har det artig, og så snakkar me om alvorlege ting, fortel Rohde.

LES OGSÅ: Vil ha mannlege helsefagarbeidarar

Han står fremst i Rasmus og Verdens Beste Band – der alt kan tullast med, og det ikkje finst noko som berre er "vaksenproblematikk". I tillegg til å synga om kjærleiken mellom farmor og mormor, har Rhode skrive barnesangar om mellom anna skilsmisse og kranglar i heimen.

– Det er berre vaksenproblematikk om ein brukar vaksenproblematikk-ord. Kanskje det blir litt enklare for oss vaksne, så ein ikkje treng å ta inn over seg at det påverkar barn. Men ungane skjønnar jo at nokon kranglar heime dei óg, seier Rohde.

PuppantePappa

– Når me syng om farmor og mormor tykkjer mange unge at det er både rart og artig. Samstundes sit det mange barn med homofile foreldre og bifile onklar, fortel Rasmus Rohde. Bilete frå framsyninga «Puppan te Pappa». Foto: Trøndelag Teater

Han trur at familieframstillinga i media ofte kan vera litt som eit glansbilete – og at barn ofte blir sitjande igjen med stereotypar, til dømes frå Barne-TV og barnesangar.

– Er glansbileta noko ungane sit med og?

– Tja. Når me syng om farmor og mormor tykkjer mange unge at det er både rart og artig. Så tullar me litt med det. Samstundes sit det mange barn med homofile foreldre og bifile onklar, medan kanskje halvparten har skilde foreldre, svarar Rohde.

LES OGSÅ: Lite homosex i norske skulebøker

– Det spelar ingen rolle
– Det er kanskje ikkje så stort rom for annleisheita. Eg tenkjer at me som lagar musikk og er lærarar kan ta det fram og normalisera det. Det kan gjerast på ulike måtar, det viktigaste er respekt og å vera glad i kvarandre, held han fram.

Rohde er sjølv far, og må ta opp dei alvorlege sakene med sin eigen familie. Men korleis definerer han sjølv ein familie?

– Eg tenkjer det må vera ein omsorgsperson, og nokon som blir "omsørga", svarar Rohde etter litt tenkjetid, og ler.

– Ein familie kan og vera eit par med ein hund, eller kanskje berre eit par? Eg veit ikkje. Eg tenkjer vel at ein familie er foreldre og barn, det er det i alle fall for meg. Det kan vera ein forelder og eitt barn, eller fire foreldre og fjorten barn – det spelar ingen rolle.

LES OGSÅ: Feminisme-testen

Medmor
Det handlar om meir enn korleis me snakkar om familien. I doktorgraden til Unn Conradi Andersen havnar og lovverket under lupa. Lovverket har tatt fleire steg i rett retning, meiner ho. Men det er eit stykkje igjen. Ho trekk mellom anna fram uttrykketMedmor, som gir ei kvinneleg ektefelle eller sambuar like rettar som forelder, som eit godt døme.

– Men mykje tenking har støtta det biologiske prinsippet, som går ut på at dei biologiske foreldra er best skikka til å ta vare på barna uansett. I lovverket gjeld det og saker med omsorgssvikt. Det er ei sterk tru på biologien, men me veit at det ikkje alltid er slik. Det kan vera livsfarleg, seier Andersen.

LES OGSÅ: Framleis problematisk å vera open

Faktaboks

Ekteskap mellom like kjønn i 2013: 252

Skilsmisser i 2013: 9736

Barn som opplevde skilsmisse i 2013: 14 160

Barn som opplevde separasjon i 2013: 16636

Alle tal er for heile landet.

Kjelde: Statistisk Sentralbyrå