Meir disiplin i skulen?

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarane Ulla-Britt Lilleaas og Dag Ellingsen finn at soldatar i førstegongsteneste trivst overraskande godt under streng disiplin. Det same seier gardistar Framtida.no har snakka med.

LES OGSÅ: Trivst godt under streng disiplin

Førre veke sparka lektor ved Fagerborg vidaregåande skule i Oslo og cand. polit. Karl-Eirik Kval i gong ein debatt om den norske skulen. Han meiner skulen har lærdom å hente frå studien.

– Fridom gir fråvær
– Elevane får altfor stor fridom til å øydeleggje eigen skulegang, sa Kval til Aftenposten nyleg. Han har skrive boka Det store skolesviket og etterlyser fleire sanksjonsmoglegheiter i skulen.

Kval fekk støtte av professor Arnstein Mykletun, som sa til Aftenposten.no at den vidaregåande skulen bør ha like strenge reglar som grunnskulen og arbeidslivet.

Også utdanningspolitikarane i Høgre og Arbeidarpartiet vil ha strengare reglar, og ønskjer å innføre eit makstak for kor mykje elevane kan vere vekke før dei mister karakteren.

LES OGSÅ: – Slutt å snakke skulen ned

Norsk lektorlag fortel på sine nettsider at aukande fråvær ikkje berre er eit problem i Oslo, men over heile landet. Lektorlaget har i fleire høyringssvar og innspel bede Utdanningsdirektoratet om å gå gjennom og endre regelverket slik at ”elevens rettigheter og plikter kommer i bedre balanse”.

Forskarar har også peika på at aukande fråvær heng saman med det store fråfallet i norsk skule, ifølgje lektorlaget sine nettsider.

– Elevane ønskjer grenser
Det er langt frå militær displin til fråværstak, gjensitting  eller nedsett ordenskarakter. Kanskje er det likevel mogleg å trekkje nokre linjer.

– Ja, eg trur studien har relevans for debatten. Ein kan sjølvsagt ikkje innføre militær disiplin i skulen, men det ligg likevel noko her i skjeringspunktet mellom den store fridommen og den militære disiplinen. I dag vert elevane pålagde å sjølv ta ansvar for utdanninga si, og det kan vere tungt for mange. Lærarar bør få lov til å setje nokre klare grenser, seier Ulla-Britt Lilleaas, som er ein av forskarane bak studien.

LES OGSÅ: Ønskjer klare pc-reglar

Også Kval meiner forskinga på Forsvaret har parallellar til fråværsdebatten.

– Eg opplever at elevane ønskjer grenser. Dei meiner at skulen er for slapp, og dei ønskjer straff for å kome for seint, leksesjekk eller andre typar sanksjonar, seier Kval.

Han trur også at valfridommen kan bli overveldande for mange.

– Eg trur mange går seg litt vill i all fridommen. Det vert som saksofonisten som sa ‘om du gir meg alle tonane i verda kan eg ikkje spele noko. Gir du meg tre tonar skal eg spele ein nydeleg melodi’. Mange har også ganske milde foreldre og har lært at ein kan forhandle om alt, meiner Kval.

LES OGSÅ: Eksamen, russefeiring eller begge delar?

Lektoren trekk fram den årlege revyen på Fagerborg vgs som døme.

– Revyen er veldig viktig her på Fagerborg. Då den skulle gå av stabelen kom Brannvesenet innom og gav nokre pålegg om utbetringar. Elevane gjorde ikkje noko. Dei trudde dei kunne forhandle med brannvesenet. Dei var heilt sjokkert då revyen vart stengt i nokre dagar. Eg har aldri hatt så hyggelege og venlege elevar som no, men dei er vande til å tøye grenser, utsetje innleveringar og ikkje stille opp når dei skal, seier Kval.

Kval har mange ulike forslag for å forbetre skulen. Eit av forslaga er å gi beskjed til heimen kvar gong eleven er vekke eller får merknad. Slik kan merknadssystemet få større effekt, meiner han. Eit anna forslag er å innføre gjensitting på ny.

– Eg trur desse sanksjonane hadde verka avskrekkande og fått ned fråværet, seier Kval.

– Løysinga er ikkje mindre fridom
Påtroppande leiar i Elevorganisasjonen, Benjamin Myrstad, er einig i at ungdom har stor valfridom. Han meiner likevel ikkje at løysinga er å fjerne denne fridommen.

– Nokre fungerer godt med stor valfridom, andre treng meir rammer. Å ta vekk valfridommen for alle fordi nokon få vert overvelda blir feil. I staden må ein forbetre dei ordningane som skal støtte og hjelpe elevane til å ta val, meiner Myrstad.

LES OGSÅ: Elevar får rett til å gi tilbakemelding

– Forsking syner at fridom til å velje fag og til å velje korleis ein vil lære er den beste måten å gjennomføre skulegangen på. Men då må rådgjevingstenestene ha ressursane som skal til. Mange skular har altfor dårleg rådgjevingsteneste, både i ungdomsskule og vidaregåande skule. Det må bli betre, seier han.

– Er det ikkje behov for strengare disiplin i skulen?

– Ein må ha sanksjonsmoglegheiter. Det har ein òg, til dømes nedsett ordenskarakter. Men nokre lærarar gjennomfører ikkje. Det er lett for elevar å velje å skulke timane til dei lærarane som ikkje fører fråvær, til dømes.

Myrstad meiner at det er viktig å sjå på årsakene til at elevane ikkje møter opp.

– Dei aller fleste lar ikkje vere å møte opp fordi dei er late. Vi veit at talet på unge med psykiske problem aukar, til dømes. Fråværstak er eit tiltak som straffar alle for å ta nokre få sjusovarar. Tvang er verkeleg ikkje ei løysing.

– Så skulen stiller ikkje for låge krav?

– Vi ser jo at det er ulikskapar i kor strenge krav lærarane stiller, og nokre lærarar stiller nok for låge krav. Dette er noko Utdanningsdirektoratet burde ta tak i, og komme med klårare reglar om. Og så har sjølvsagt elevane eit ansvar for å bruke dei ressursane skulen har, seier Myrstad.

– Fridommen passar ikkje for alle
Lektor Kval meiner at Elevorganisasjonen overser ei stor gruppe elevar.

Kvar gong elevane arbeider i grupper ser eg at fleirtalet diltar etter og gjer ein under middels innsats, medan ein eller eit par stykk i kvar gruppe er pådrivarar. Mi erfaring er at desse er dei same som er leiarar i elevorganisasjonar. Dei kjem frå ressurssterke familiar, trivst godt med og meistrar den store fridommen. Men dei tek ikkje omsyn til 70 prosent av elevane, som ikkje fiksar fridommen, meiner lektoren.

LES OGSÅ: Vil gjera det lettare for flinke elevar

– Kva bakgrunn eg kjem frå er irrelevant i denne saka, her er det elevane sine meiningar som tel. All politikk Elevorganisasjonen står for vert vedteke med 2/3 fleirtal for å sikre god forankring i medlemsmassen, svarar Myrstad i Elevorganisasjonen.

– Gruppearbeid i skulen er naudsynt, sidan veldig få yrker i dagens samfunn er yrker der ein berre arbeider åleine. Det skal medverke til å auke samarbeidsevner og generell sosial kompetanse. Elevar må lærast opp til å kunne arbeide i grupper, og læraren må følgje opp alle saman tett. I gruppearbeid skal ein framleis få individuelle karakterar, som skal reflektere ditt arbeid i gruppa. Dersom læraren ikkje har tid til å gjere enkeltvurderingar i gruppearbeid, må dei få det. Her må skulemyndigheitene gjere det dei har snakka om lenge, og frigjere meir tid for lærarane, seier Myrstad.

LES OGSÅ: Musikkundervisning gjev flinkare elevar