Meiningsmåling: Stor motstand mot oljeboring i nord

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stor motstand mot oljeboring i nord

Heile 49,6 prosent svarar nei, mens 35,5 prosent er positive og 15 prosent svarar at dei ikkje har gjort seg opp ei meining enno, skriv Klassekampen.

Dei som er mest negative til oljeboring i nord, er nordlendingane sjølve. I Nord-Noreg seier nemleg 56,9 prosent nei, noko som er høgast i landet saman med Oslo, der like mange seier nei til oljeutvinning.

Delen tilhengarar er likevel litt høgare i hovudstaden enn nord i landet, 32,4 prosent seier ja i Oslo, mot 30,4 prosent i Nord-Noreg.

På Vestlandet er ein mest positive til oljeboring i Nord-Noreg, 38,5 prosent seier ja, men framleis er motstandarane i fleirtal.

– Desse tala slår hol på myten om at det er folk i sør som er motstandarar, medan folk i nord ønskjer å opne. Det er i nord ein kjem til å ta risikoen viss noko går gale, seier Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet til Klassekapmen.

Blant partia er veljarane til Frp og Høgre dei einaste der eit fleirtal er for oljeboring, i alle andre parti er neisida i stort fleirtal, skriv avisa.

Undersøkinga er utført av Sentio på oppdrag frå Klassekampen.

LES OGSÅ: – Oljebonanza i nord er i strid med grunnlova, meiner Natur og Ungdom, som går til sak mot staten