Meiner kommunen diskriminerer sønene

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Vest-Telemark Blad

Dei no seks år gamle tvillingane er fødd alt for tidleg, og hadde ein tøff start på livet. Dei er to kvikke gutar og fungerer stort sett godt i kvardagen, men er avhengige av mykje ekstra oppfylging – kvar på sitt vis.

Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) er rådgjevande mynde i saker der barn har rett på ekstra oppfylging av kommunen, men det er kommunen som avgjer kva tilbod barna skal få. Dersom enkeltvedtaket skil seg frå det PPT tilrår, må kommunen grunngje korleis barnet skal få eit like godt tilbod utan at tilrådinga blir fylgd.

PPT meiner at kvar av dei to gutane bør ha oppfylging av spesialpedagog tre timar i veka.

I det førre enkeltvedtaket har kommunen fylgd PPTs tilråding og skrive at det er ein spesialpedagog som skal utføre den spesialpedagogiske hjelpa gutane har krav på.

Ein spesialpedagog har spesialkompetanse i å leggje til rette undervisning for barn med spesielle behov. Ein barnehagelærar har generell kompetanse om barns utvikling.

LES OGSÅ: Ei mors kamp

Blei valt bort
Nye vedtak for kvar av gutane skulle vore på plass i august. Det var det ikkje. Tilbodet frå året før blei likevel vidareført. Men så, utan forvarsel og utan at foreldra var tekne med på råd:

– 20. oktober var me i møte med styrar i barnehagen og pedagogisk rådgjevar. Der fekk me beskjed om at det var gjort ei endring i tilbodet, fortel to oppgjevne foreldre.

Spesialpedagogen som har fylgt opp gutane heile barnehagetida, var brått ute av arbeidet med nettopp desse to. Spesialpedagogen hadde sjølv valt bort arbeidet med gutane, og fått godkjenning til dette av den kommunale leiinga. Dette er dokumentert i møtereferatet pedagogisk rådgjevar har skrive, etter at foreldra bad om skriftleg dokumentasjon på innhaldet i møtet.

I staden hadde ein pedagogisk leiar, utdanna barnehagelærar, i barnehagen overteke oppfylginga, «under rettleiing av spesialpedagogen». Då foreldra blei informerte var endringa alt sett i verk.

LES OGSÅ: – Eit lotteri med unge si helse

Inga fagleg grunngjeving
Noko nytt enkeltvedtak hadde dei enno ikkje sett.

– Og dei andre barna som fekk oppfylging av spesialpedagogen fekk ikkje tilbodet sitt endra, fortel foreldra.

Kommunen har ikkje gjeve foreldra nokon fagleg grunngjeving for endringa i tilbodet – endå det skil seg frå det PPT tilrår.

Foreldra blei frustrerte over det som nok ein gong framstod som rotete behandling av gutane deira: Den plutselege endringa i tilbodet, ikkje noko enkeltvedtak å sjå for nokon av dei to, og heller ikkje nokon ferdige tiltaksplanar som foreldra hadde fått sjå.

LES OGSÅ: Helsestell for dei friske

Nytt vedtak – så «presisering»
Etter å ha masa på kommunen i tre veker om å få fortgang i enkeltvedtaka, tok foreldra kontakt med Fylkesmannen, som er klageinstans. Der lova dei å ringe kommunen og spørje kva som skjedde. Same dagen låg vedtaket i hylla i barnehagen då dei skulle hente ungane. Der var ordlyden om at spesialpedagog skulle ta hand om den spesialpedagogiske hjelpa teken vekk, og det stod heller ikkje noko om kven som skulle utføre hjelpa eller kva dagar timane skulle fordelast på.

Foreldra skreiv ei klage og sendte den inn etter to dagar.

Dagen etter, før kommunen kan ha motteke klaga, kom eit justert vedtak, ei «presisering», som oppvekstsjefen kalla det. Her skriv dei at det er pedagogisk leiar som skal utføre den spesialpedagogiske hjelpa.

LES OGSÅ: Tidleg pubertet aukar depresjonsfaren

Framleis inga grunngjeving
Foreldra sendte inn ny klage. Dei peika på rot i behandlinga av saka, at enkeltvedtaket kom seint og i fleire delar, og at ITP (individuell tiltaksplan) ikkje er skriven ferdig/underskriven av foreldre.

– Vi har framleis ikkje fått noko form for grunngjeving for kvifor kommunen gjer denne endringa midt i barnehageåret. Vi har heller ikkje fått ei særskilt grunngjeving for kvifor kommunen vel å bruke pedagogisk leiar når sakkunnig vurdering seier at dei bør ha spesialpedagog, skriv foreldra i klagene på vedtaka.

– Vi etterspør ei fagleg grunngjeving som gjer oss i stand til å forstå kvifor (namn på gutane) ikkje skal få tid med spesialpedagogen som likevel framleis er i barnehagen og jobbar med andre born på den same avdelinga. Dette er ikkje fyrste gongen endringar i ressursen til desse to gutane blir gjort. Tidlegare blei timar slått saman for å spare ressursar. Klage til fylkesmannen fekk ikkje medhald då dei hadde likt timetal kvar for seg. Kommunen sparte likevel ressursar ved å slå timane deira saman. Foreldrerådgjevinga har også blitt redusert i to omgangar. Fyrste gongen utan at vi blei informert. Me måtte sende brev til oppvekstsjef og fekk svar etter 6 månader. Den siste runden godtok vi reduksjonen slik at ikkje det skulle ta av ressursen til gutane, men så blei altså spesialpedagogen fjerna frå alt arbeid med våre to barn, fortel foreldra.

LES OGSÅ: Noko skurrar i Osloskulen

Ventar på fylkesmannen
Klagene på dei to enkeltvedtaka har no gått vidare til Fylkesmannen, etter at Tokke kommune ikkje tok dei til fylgje.

– Det kan vel ikkje vere tvil om at endringa gir eit redusert tilbod til gutane våre. Nettopp difor kan vi ikkje godta at kommunen ikkje gir oss ei fagleg grunngjeving. Det er ekstra vanskeleg å forstå endringa sidan det tidleg i haust blei slått fast nye utfordringar for den eine guten og den andre skal til utgreiing for den same problematikken. Dette er informasjon kommunen er vel kjent med, seier dei to.

– Og kva er grunnen til at det rammar begge våre heilt likt, men ikkje dei andre? Sakkunnig vurdering for begge er uendra. Kommunen skjuler seg bak at det er «omdisponering av personale» og at me ikkje har rett til innsyn. Kommunen ser ut til å gløyme dei to gutane sine behov og er bare opphengde i kommunen sin rett til å omdisponere personale, legg dei til.

LES OGSÅ: Vil spara lærarane i kuttprosessen

«Tidleg innsats»
Tokke kommune har tidleg innsats i barnehage og skule som satsingsområde. Det har foreldra notert seg.

– Eg kan ikkje seie eg kjenner det att. Denne saka handlar om barns beste. Dette er siste barnehageåret til gutane, som har utsett skulestart. Det er no ein må leggje grunnlaget for ein god start på skuletida – og så blir det fyrste halvåret prega av så mykje rot, utskiftingar og planar som ikkje er klare – i november! Eg slit med tilliten til dei ansvarlege i kommunen no, seier mor.

– Dette kan ikkje vere anna enn diskriminering når kommunen ikkje kan gi eit fagleg argument og det nok ein gong rammar våre to gutar, meiner foreldra.

LES OGSÅ: Overleving varierer mellom sjukehusa