Med VG til OL

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

VINTER-OL 

Det går i retning av at Noreg skal søkja om OL i 2022. Slik stoda er no, vil eit fleirtal på Stortinget – Arbeidarpartiet, Høgre og Venstre – røysta ja til å gje Den internasjonale olympiske komiteen, IOC, ein blankostatsgaranti. Det er Bergens Tidende som skriv dette. Dei har snakka med heile Stortinget, partileiing-ane har visste ikkje lyst å gå mot dei største partilaga sine i Oslo.

Det organet som har vore sterkast for OL i media, er VG, som tradisjonelt har eit sterkt tak på norske politikarar. Så lat oss sjå nærare på argumentasjonen til VG. Er han fornuftig? Heng han på greip? Den personen i VG som har skrive mest for OL, er kommentatoren Tom Staavi. Seinast 5. september skreiv han ein side 2- og 3-kommentar med tittelen «Ikke råd til OL-nei». Då er det berre å byrja finlesinga

Staavi går rett på sak og seier at «Stortinget bør si ja og gi Oslo 2022 statsgarantien». Men rett skal vera rett, han vedgår at det ikkje er heilt lett å argumentera for dette: «Hvorfor i all verden skal vi arrangere et OL og et Paralympics? Utbygging av ulike anlegg og annen infrastruktur kan man vel få til uten å måtte svi av milliarder for en såkalt ‘fest for IOC-pampene’? Det er to svar på disse spørsmålene.»

FOLKEHELSA? 

Det fyrste svaret han gjev, er at vi treng ein deadline for idrettsanlegg som Oslo visstnok har eit «skrikende behov» for. Eit OL i Oslo med påfylgjande idrettsanlegg har ei «enorm økonomisk betydning for folkehelsen». Dette høyrest bra ut, kven kan vel vera mot eit OL om det fører til betre folkehelse. Men gjer eit OL det?

Kven er verdas beste idrettsutøvarar? Det kan vera lite tvil om at det er svarte amerikanarar. Inga etnisk gruppe satsar meir på idrett i ungdomen enn svarte amerikanske gutar. Presterer du godt i baseball, basketball og amerikansk fotball (berre éin av desse idrettane er elles OL-grein), får du fyrst eit fireårig stipend til college, og gjer du det bra der, får du så proffkontrakt når du er 24 år. Om du ser på listene over dei best betalte idrettsutøvarane i verda, dominerer svarte amerikanarar, ikkje berre i lagidrett, men òg i individuell idrett. Dei to best betalte i verda er golfspelaren Tiger Woods og boksaren Floyd Mayweather.

Om organisert idrett og tilgang til idrettsanlegg har ei «enorm økonomisk betydning for folkehelsen», burde svarte amerikanarar ha god folkehelse. Det har dei ikkje. Dei har elendig folkehelse: Svarte amerikanarar lever i gjennomsnitt åtte år kortare enn dei etniske gruppene som lever lengst.

ALT VAR MYKJE BETRE UNDER KRIGEN 

Vi kan òg læra litt av norsk historie. Under andre verdskrigen kom det ein klar nedgang i talet på hjarteinfarkt her til lands. Etter krigen fekk vi derimot ei femdobling på femten år mellom menn i aldersgruppa 40 til 59 år. Korleis var stoda for idretten under krigen? Det var knapt organisert idrett i Noreg under krigen. Vi hadde ein storstilt idrettsboikott av NS- og nazi-regimet.

Det som er avgjerande for folkehelsa, har lite med organisert idrett å gjera, som er noko vi held på med i ungdomen. Elles i livet er det beste ein kan gjera for eiga helse, å gå turar og å vera i generell fysisk aktivitet. Korkje springing i terreng, helsestudiotrening eller trappegåing er organiserte idrettar under OL eller i andre samanhengar.

Så verkar det òg som Staavi og VG innser at folkehelseargumentet ikkje er så godt, for neste avsnitt byrjar slik: «Det viktigere argumentet er at ski og vinter-idrett er en stor del av det å være norsk.» Ja, det er ikkje berre å vera norsk, det er òg eksport: «Det er vår viktigste kulturelle eksport. Det er det bærende elementet i vår kulturelle identitet. Og har vært det fra Sondre Norheim, via Fridtjof Nansen og til Petter Northug. Vinter, snø og ski limer oss sammen og gir oss en felles forankring.»

KVA MED FOTBALL? 

Ja, jau, tja. At ski er ein del av norsk identitet, er sjølvsagt sant, men om OL bergar den identiteten, og om det eventuelt er positivt at OL bergar denne identiteten, er litt meir uklart. Den klart største idretten i Noreg er fotball, noko vi delar med dei fleste land i verda. Har OL vore viktig for fotball? Nei, det har hatt null verdi. Kampane og sendingane frå OL i fotball har låge sjåartal verda over, naturleg nok sidan berre unge b-lagsspelarar deltek. Fotballen vil ha så lite som råd er med OL å gjera. Formel 1, amerikansk fotball, landslagsfotball, golf, baseball og så bortetter – dei aller største og mest populære og best betalte idrettane og idrettsutøvarane deltek ikkje i OL. Dei overlever likevel, både kulturelt og økonomisk.

Men ja, både Sondre Norheim, Fridtjof Nansen og for den del Roald Amundsen gjorde at ski vart eksportert ut i verda, men det var før vinter-OL eksisterte i det heile, dei fyrste vinterleikane vart skipa til i 1924. Og uavhengig av OL har alle vinteridrettar eigne verdsmeisterskap, som stort sett er svært populære og har høge sjåartal. På det sentrale Austlandet vert det stadig vekk skipa til VM i ulike vinteridrettar, vi har tydelegvis anlegg gode nok til det.

INFRASTRUKTUR 

Staavi og VG er svært opptekne av infrastruktur og seier at Oslo-regionen har så stor folketalsvekst at vi må få fleire idrettsanlegg. Men er det største problemet med folketalsveksten manglande idrettsanlegg? Det vi kan slå fast, er dei fleste som har vakse opp på landsbygda, ikkje har tilgang til slike idrettsanlegg som ein har i Oslo. Det vart folk av dei fleste likevel. Det er òg slik at dei færraste som bur på Bislett, nyttar Bislett stadion når dei skal trena, like lite som folk i Holmenkollen nyttar hoppbakken når dei skal stå på ski. Dei idrettsanlegga som derimot vert bruka over heile landet jamt og trutt, er symjehallar og fotballbaner. Fotballbanar har Oslo mange av, symjehallar knapt nok og ingen på Oslo vest, men OL gjev ikkje symjehallar.

Staavi slår vidare fast at Noreg har råd til OL. «Vi har selvfølgelig råd til å arrangere OL på nytt.» Ja, det har vi sjølvsagt. Vi har 5000 milliardar på bok og kan gjera dei mest utrulege ting om vi det vil. Vi kan sikkert få sendt ein astronaut til Mars om så er. Men spørsmålet er om OL er det mest fornuftige vi kan gjera. Det Stortinget førebels skal garantera for, er 22 milliardar, men garantien som IOC ber om, er slik utforma at staten òg må dekkja alle overskridingar, som alle OL alltid har hatt. I gjennomsnitt går elles store offentlege prosjekt i OECD 45 prosent over budsjett. Vi kan trygt rekna med at staten må ut med minst 30 milliardar – 30 milliardar vi altså bør bruka for å byggja idrettsanlegg i takt med folketalsveksten, om vi skal tru VG.

NYTT OSLO S 

Men er ikkje til dømes høge bustadprisar og kø eit større problem enn manglande idrettsanlegg når folketalet går opp og opp? Kva kan 30 milliardar nyttast på i staden for OL?

Tog til dømes er dyrt, svært dyrt i Noreg, og når infrastruktur er dyr, bør den nyttast så effektivt som råd er. Tak Follobanen som er eit av dei største infrastrukturprosjekta i norsk historie. Det meste av banen skal gå i tunnel mellom Ski og Oslo Sentralstasjon. Follobanen i seg sjølv får ein teoretisk kapasitet svarande til tre firefelts motorvegar. Problemet er berre at det ikkje kjem til skje. Vi skal nytta 20 milliardar på Follobanen, men han kan berre auka kapasiteten med 1600 passasjerar i timen i rushtida, eller to tog i timen, som er langt under den teoretiske kapasiteten som er på heile åtte tog. Slik er det av di Oslo-tunnelen alt i dag er kraftig overlasta, og av di Oslo S ikkje kan utvidast korkje i breidda eller i høgda.

For 30 milliardar kunne vi ha bygt ein avlastningsstasjon sørom Oslo S og utvida Oslo-tunnelen. Eit slikt prosjekt ville gjort at fleire hundre tusen personar til kunne ha utnytta den allereie eksisterande infrastrukturen i og rundt Oslo, noko som igjen hadde ført til ein nedgang i husprisane og dramatisk redusert reisetid, som igjen hadde gjeve auka økonomisk vekst og for den del gjeve fleire tilgang til naturen, slik at folkehelsa kunne betrast.

Liknande prosjekt er legio. Vi kunne ha bygt ein ny ringveg i Nordmarka. Vi kunne ha bygt fleire nye storsjukehus som Oslo-regionen treng, vi kunne ha utvida T-bane-tunnelar, bygt nye kollektivfelt på motorvegane. Lista går og går. Om vi derimot nyttar 20–30 milliardar på OL, må vi prioritera vekk slike prosjekt. Pengane vi har i Oljefondet, er ikkje ressursar i seg sjølv, det er pengar vi kan nytta til å betala bygningsarbeidarar og ingeniørar og andre. Men dei som skal byggja OL-anlegg, kan ikkje samstundes byggja eit nytt Oslo S.

KLAR FOR FEST! 

«Vi har selvfølgelig råd til å arrangere OL på nytt. Spørsmålet er heller om vi har råd til å la være. Tar vi ikke vinter-OL tilbake til røttene som en folkefest innenfor akseptable økonomiske rammer, er det vi som taper mest», skriv Staavi. Ja, som til dømes kortare reisetid inn og ut av Oslo i mange tiår framover.

Kanskje VG og Høgre og Ap i staden for å seia at vi treng OL, kunne seia at dei berre har lyst på ein god fest?

LES SAKA I DAG OG TID!