Med hjerne på hjernen

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 20.06.2017 18:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I teaterstykket Inkognito uttalar psykiateren Martha at «Det er så innihelvetes mykje vi ikkje veit!» Det stemmer, men samtidig veit vi svært mykje meir om hjernen no, enn det vi gjorde for berre nokre få tiår sidan, seier Kaja Nordengen.

Hjerneforskaren gir publikum ved Det Norske Teatret ein kort introduksjon til teaterstykket som handlar om favorittemaet hennar: hjernen. For berre nokre månader sidan gav ho ut boka Hjernen er stjernen – ditt eneste uerstattelige organ.

Ho har, som ho sjølv seier: «hjerne på hjernen».

Moderne hjerneforsking
– Alt som er oss, er funksjonar i hjernen vår, fortel ho frå scena.

Publikum lyttar til historia om pasienten som ikkje kunne skape nye minner, og historia om tjuveriet av hjernen til geniet Albert Einstein. Nordengen kan faget, kjenner historiene godt, og formidlar dei med entusiasme. Etterpå kjem nokre av tilhøyrarane fram for å få vite meir om korleis moderne hjerneforsking føregår.

– Eg har fått høyre mange historier om mødre, søsken og besteforeldre dei siste månadane, og nokre ringer for å tilby meg å forske på dei, fortel ho til Framtida.no etter føredraget.

Ho er glad for at temaet engasjerer, og ho er sjølv blant dei som synest hjernen er det kulaste som finst.

– Eg har alltid digga og vore fascinert av hjernen. Tenk det, at i ein geleklump som ser ut som ein haug med tarmar, der ligg alt det kule som gjer oss til oss. Det er heilt sjukt å tenke på, utbryt ho.

LES OGSÅ: Kan ei fluge føle?

Det gøyaste om hjernen
Nordengen starta å forske på hjernen allereie som 19-åring. Då las ho alt ho kom over av bøker og artiklar om hjernen.

– I boka har eg kunne tenke utanfor spesialområdet mitt, og prøve å gi ein oversikt over heile puslespelet som er moderne hjerneforsking. Boka er mitt utval av det gøyaste om hjernen, fortel ho.

Nordengen tok doktorgraden som 26-åring, og arbeider no som forskar og lege i spesialisering ved Akershus universitetssjukehus. Der prøver ho å forstå kva som går gale i hjernen til personar med Alzheimers, og korleis dette kan verte til ny behandling.


Hjernen er det sentrale temaet i teaterstykket Inkognito av Nick Payne, som blir spelt på Det norske teatret.

Lang modningstid
Hjernen er stjernen er ei bok for faktaorienterte vaksne, men eg trur også at lesarar i slutten av tenåra vil synast ho er spennande, seier Nordengen.

I hjernen til tenåringslesaren er det nemleg mykje spennande som føregår, fortel ho.

– Då er hjernen på veg inn i slutten av ein svært lang utviklingsprosess. Hjernen vår har lang modningstid, noko som er eit kompromiss mellom storleiken på bekkenet hjå fødande mødre, og storleiken på hjernen som trengs for å vere verdas smartaste art.

LES OGSÅ: Lær eit språk – hald hjernen yngre

Nyttårsforsett
Ho legg til at det ikkje er slik at hjernen sluttar å utvikle seg, og at også vaksne personar kan ha nytte av å bruke hjernen sin. Ved å vite korleis hjernen fungerer, kan ein også legge planar som truleg vil lukkast, til dømes for nyttårsforsetta som mange legg for 2017.

– Du må finne ut korleis du kan gi deg sjølv tilstrekkeleg med belønning for å halde fram med forsettet ditt, fortel hjerneforskaren.

I staden for å trene to gongar i veka i eit heilt år før du gir deg sjølv belønning, meiner Nordengen at det vil vere lurt å gi mindre belønning oftare.

– Ta dei få sekunda i løpet av veka til å gi deg sjølv mentale klapp på skuldra.

Ho fortel at belønning anten kan vere noko du får eller noko du slepp. Å trene saman med nokon kan gi begge delar, slik som hyggjeleg samvær dersom du møter opp, og sosiale konsekvensar dersom du sluntrar unna.

Eit anna tips til nyttårsforsett er å lese 12 bøker om folk som liknar deg sjølv.

Falske minner om jula
Å hugse å møte opp til trening kvar tysdag går greit dersom ein skriv det i kalendaren, men å hugse detaljar frå mange år tilbake er ikkje alltid så lett. Mange vert også usikre på detaljane, eller kjem i disuksjonar med familiemedlemmar om kven som hugsar best frå julefeiringane for 15 år sidan.

Nordengen fortel at ein stort sett kan stole på minner frå gamle dagar, men ikkje 100 prosent på alle detaljane.

– Eit minne vert lagra som fragment, om lag som ei liste med stikkord. Når du hentar fram minnet må du fylle inn teksten mellom stikkorda. Då hender det at resultatet vert falske minner, seier ho.

For å fylle inn mellom stikkorda nyttar vi ein bank av generelle minne. Her har hjernen eit lager av typiske situasjonar, lagra som «alle dei gongane vi gjorde slik». Slike generelle minne er lyden av fyr på peisen, synet av juletreet, julekakene på bordet og stemninga i rommet.

– Samla sett er det ikkje sikkert at alle detaljane i minnet du hentar fram korrekte, fordi dei låner litt frå andre liknande situasjonar, konkluderer Nordengen.

LES OGSÅ: Sjølvbiletet ditt som ung har mykje å seie for den psykiske helsa seinare i livet, ifølgje ny forsking

Alt heng saman i eit nettverk
Sjølv om det vi hugsar frå gamle dagar kan innehalde spor av falske minner, er vi likevel trygge på at hjernen veit kven vi er. Stort sett. For når hjerneforskaren fortel om kva som gir oss personlegdom og korleis vi veit at vi er bevisste, vert det tydeleg at hjernen er eit komplisert organ.

– Det er mange ulike anatomiske område i hjernen som bidreg til dei ulike delane av personlegdomen vår, slik som hemningar, mål og motivasjonar. Delane som har ansvaret er likevel ikkje bitar eller isolerte einingar. Dei fungerer som eit stort nettverk og bidreg på ulike måtar til at hjernen fungerer som ein heilskap.

Denne kompleksiteten er også det som gir utfordringar for forskarar som prøver å lage intelligente maskinar eller å transplantere heile eller delar av hjernen.

– Fordi dei ulike delane av hjernen er så tett kopla saman, der kvar celle har mellom 15 og 150 tusen koplingar til andre celler, trur eg ikkje at det vil bli mogleg å 3D-printe eller transplantere bestemte delar av hjernen, seier forskaren.

LES OGSÅ: Forskarar lagar «Google Street View»-kart over hjernen

Empatiske robotar
I staden trur ho at injisering av nervestamceller kan vere ein betre strategi, der hjernen får tilført celler som finn plassen sin i samspelet, og som kan erstatte daude nerveceller. Kompleksitetet i hjernen er også ei utfordring for kunstig intelligens.

– Sjølvsagt kan maskiner lære å score høgt på ein IQ-test, men eg vil ikkje seie at dei verken har personlegdom eller er bevisste av den grunn. Det gir ikkje roboten evne til empati at han kan mykje faktainformasjon, seier ho.

Grensa mellom menneske og maskin vert stadig utfordra, både i fiksjonen (Westworld) og i røynda (biohacking). Men kjem maskiner nokon gong til å kunne gjenskape det som hjernen vår får til?

– Eg ville nok kunne oppfatte ein robot som empatisk, men eg trur ikkje at roboten kan føle empati, seier Nordengen.

– Men er det så nøye om du roboten ikkje «føler», så lenge du oppfattar den som empatisk?

– Ja, det betyr noko at det er ein robot, for eg trur ikkje at den verkeleg er empatisk. Robotar kan gjerne støvsuge huset mitt, men dei kan ikkje trøyste meg dersom eg er lei meg, seier ho.

Les meir om gråsona mellom menneske og maskin under emneknaggen TENKOLOGI.