«Me må få lov til å hevda det tradisjonelle ekteskapssynet»

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fryktar kristne vert utestengde

Til Ingrid Liheim (15) frå Sogndal, som skreiv innlegget «Stopp mobbing av homofile!».

Du oppmodar bibeltru kristne om å skjerpa seg, og her får du svar frå ein bibeltru kristeleg ståstad. 

LES OGSÅ: Stor vekst i unge personleg kristne

Eg er samd i at det er feil å stengja homofile ute frå kyrkja, men det som skremmer meg er kor lite forståing den jamne nordmann har for religionen.

Evangelisk-luthersk kristendom byggjer på at Bibelen, Guds Ord, skal vera kyrkja si høgste autoritet i lærespørsmål.

Dette handlar ikkje om at kristne nektar å «akseptere dei som ikkje følgjer ei 5000 år gammal bok», men at samfunnet ikkje aksepterer at kyrkja og kristne vil fylgja denne boki.

LES OGSÅ: Teologistudent vil ta knekken på homodiskriminering

Kva er det att av kristendomen om me skal fylgja menneskelege trendar og ideologiar i staden for Guds Ord? Apostelen Peter åtvarar: «Ein lyt lyda Gud meir enn menneske» (Apg 5,29).

Jesu bodskap er ikkje gløymd. Alle menneske er skapte i Guds bilete, men med arvesynd, og alle menneske er likeverdige. Også bibeltru kristne er opptekne av dette.

Dei som mobbar, trakasserer og stengjer ute menneske med homofil legning, fylgjer ikkje Guds Ord.

Men kven er det som stengjer andre ute av kyrkja i Noreg i dag? Eg kjenner ingen. Som kristne vil me møta alle menneske med kjærleik og respekt, også dei me er usamde med i viktige spørsmål.

LES OGSÅ: Nektar homofile jobb i kyrkjer i Sandnes

Denne debatten handlar ikkje om utestenging, men kva kyrkja skal læra om ekteskapet.

Jesus, som modererte mykje gamaltestamentleg lærdom, tok aldri avstand frå den gamle læra om ekteskap og homofili.

Men han sa: «Alt ifrå fyrste skapingstidi gjorde Gud dei til mann og kvinna. Difor skal mannen skiljast med far sin og mor si og halda seg hjå kona si, og dei tvo skal vera eitt kjøt. So er dei då ikkje lenger tvo, men eitt kjøt, og det som Gud hev bunde i hop, det skal ikkje menneskja skilja» (Mark 10,6-9).

Dette er ein raud tråd gjennom heile Bibelen. På dette grunnlaget er det umogeleg for bibeltru kristne å akseptera ei onnor lære enn at ekteskapet er Guds skaparordning for samlivet mellom éin mann og éi kvinne.

Det er fordi me vedkjenner at Bibelen som Guds Ord er høgste autoritet i lærespørsmål.

Folk må akseptera at eit bibelsk syn på ekteskapet er noko heilt anna enn «mobbing og utestenging frå fellesskap med Bibelen i handa».

Skal me få lov til å leva etter trui vår, må me òg få lov til å hevda det tradisjonelle ekteskapssynet, som både Bibelen og eit overveldande fleirtal av verdas kyrkjesamfunn står for. Elles vil me sjå ei utvikling der bibeltru kristne vert utestengde, med inkluderingsbodskapen i hand!

Allereie no ser me konturane av ei kyrkje der det er dei bibeltru prestane som risikerer trakassering og utestenging.

Eg er glad me har geistlege som frimodig lyder Guds Ord heller enn tidsåndi. Prosten i Sogn, Kjetil Netland, har mi fulle støtte og tillit!

LES OGSÅ: Likestillingsombodet er uroleg for elevar på kristne skular