≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: App, Ivar Aasen

Me har fått Ivar Aasen til å smila med FaceApp

Kvifor så alvorleg?

Runar Bjørkvik Mæland
søndag 14. mai 2017 11.42

Me har fått Ivar Aasen til å smila med FaceApp Ikkje eit andlet designa for jubel og glede.

Nynorskbrukarar har mange grunnar til å smila om dagen: Mållaget set medlemsrekord, det blir fleire nynorskelevar i skulen, tabloidaviser opnar for nynorsk, fleire og fleire kommunar lærer innvandrarar nynorsk, og det blir stadig gitt ut rasande mange gode nynorske bøker.

Difor er det litt trist at nynorskens far, Ivar Aasen, alltid ser så alvorleg ut på bileta. Andletet hans ser ut til å vera designa for surmuling og syrleg sarkasme heller enn jubel og glede.

Heldigvis har det teknologiske framsteget no gitt oss verktøy til å gjera noko med dette. Me har testa om den nye appen FaceApp, som analyserer og manipulerer andlet i bilete, kan få fram eit smil hos gamle Ivar. (Les meir om FaceApp hos Business Insider.)

Ved første forsøk blei ikkje resultatet så oppmuntrande som me hadde håpa på:

aasensurogglad1aasenglad2

Me skundar oss og prøver igjen, med eit anna bilete:

aasensurogglad2
aasenglad3

Der, ja! Når Ivar er glad, kan me alle vera glade.

LES OGSÅ: Ivar Aasen var ein slu strateg, seier biograf Ottar Grepstad


Oppdatert: måndag 15. mai 2017 11.51
Kommentarar



 
ANNONSE: