– Me har eit realfagsproblem

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rekorddårleg i matte

Norske 15-åringar hamnar på 30. plass, bak elevar frå blant anna Estland, Finland, Vietnam, Irland og Danmark når det gjeld mattekunnskapar. Det viser PISA-undersøkinga, som har målt kunnskapen om og forståinga for matematiske problemstillingar, leseevner og naturfag hjå ungdommane. Dei norske elevane skårar 489 poeng i matte, 5 poeng bak gjennomsnittsskåren på 494. Til samanlikning skårar matteelevar i Shanghai, som toppar lista, 613 poeng.

– Den nye PISA-undersøkinga viser at me har eit realfagsproblem i Noreg. Det bekymrar meg sterkt. Resultata er rett og slett ikkje gode nok, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Den nye PISA-undersøkinga viser at norske elevar sine prestasjonar i matematikk har gått ned sidan førre undersøking i 2009. I naturfag er det òg ei negativ endring, medan resultata i lesing held seg stabile.

– Me må ha høgare ambisjonar enn å vera i midtsjiktet blant OECD-landa. Me ligg litt over gjennomsnittet i lesing og litt under snittet i matematikk og naturfag. Dette er resultat me ikkje kan vera nøgde med, seier Røe Isaksen.

LES OGSÅ: Betre haldningar enn kunnskapar

Lærarløftet
OECD har tidlegare peikt på at Noreg kan gjera meir for å auke kompetansen til lærarane slik at elevane lærer meir.

– Læraren er løysinga, men fram til no har dei ikkje fått tilstrekkeleg tilbod om og høve til å ta etter- og vidareutdanning. Eg er overtydd om at lærarane ynskjer seg meir fagleg påfyll. Gode lærarar skal få høve til å bli endå betre med vårt lærarløft, seier kunnskapsministeren.

Regjeringa styrkjer satsinga på etter- og vidareutdanning for lærarar, spesielt i matematikk og naturfag. I budsjettet for 2014 er det difor sett av 310 millionar kroner meir til etter- og vidareutdanning for lærarane.

LES OGSÅ: Karakter-jag skaper færre gründerar

Nestleiar i Utdanningsforbundet, Steffen Handal ønskjer også meir etter og vidareutdanning.

– Noko av det aller mest grunnleggande som skal til for å gjera skulen betre er at det faktisk er kvalifiserte lærarar i alle klasserom, i alle skuletimane og i alle fag.

Auka trykk på læring
Etter svake resultat i PISA 2006 var det ein liten betring i 2009, men no er resultata gått nedover igjen.

– Kunnskapsløftet, som vart vedtatt i 2004, starta ein snuoperasjon i norsk skule, men gjennomføringa har ikkje vore god nok. Difor vil vi prioritera det viktigaste først, og det er meir kunnskap, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Noreg har mange elevar på dei lågaste nivåa og få i toppsjiktet i matematikk.

– Me har stort behov for høgteknologisk kompetanse og arbeidskraft i åra som kjem. Då må elevane få med seg gode ferdigheiter i matematikk og naturfag frå barne- og ungdomsskulen. Me må bli betre til å hjelpa dei som presterer svakt og samstundes løfta fleire opp på dei høgaste nivåa, seier Røe Isaksen.

LES OGSÅ: Einar (19) er eit mattegeni

Asiatiske land i toppen
Dei sør-koreanske elevane skårar høgast i matematikk blant OECD-landa. Deretter følgjer Japan og Sveits. Av dei nordiske landa har Finland dei beste resultata følgt av Danmark, Island, Noreg og Sverige.

Berre Sveits og Luxenbourg bruker meir pengar per elev enn Noreg.

Meir ro og orden
PISA-undersøkinga viser elles at det er blitt meir ro og orden i klasseromma. Og at tilhøvet mellom lærarane og elevane er blitt betre. På dette området scorar Noreg likevel dårlegare enn snittet for OECD-landa.

Faktaboks

PISA
• PISA (Programme for International Student Assessment) er ei internasjonal undersøking i regi av OECD (Organisation for Economic Co-operation and Development).
• Studien kartlegg kompetansen til 15-åringar i lesing, matematikk og naturfag. Matematikk er hovudområdet i PISA 2012.
• PISA blir gjennomført kvart tredje år. Noreg har deltatt sidan oppstarten i 2000.
• 510.000 elevar frå 65 land, korav 34 er OECD-land, deltok i studien i 2012. Frå Noreg deltok nesten 4700 elevar frå 198 skular.

Gå til den norske og internasjonale PISA-rapporten!