– Me blir overkøyrt utan stemmerett

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

9. klassingen ved Marienlyst skole i Oslo er fast skribent på Si:D-sidene i Aftenposten. Sist veke snakka ho om ungt engasjement på den prestisjetunge TEDx-konferansen i Oslo.

– Det korkje gamle eller unge heilt har skjønt, er at politikk angår ungdom i aller høgaste grad. Politiske spørsmål har noko å seia for oss heile tida, kvar einaste dag, og store delar av kvardagen vår er eit resultat av politiske dragkampar og politiske sigrar, sa Hulda Holtvedt på konferansen.

– Vi vassar til nesa i politikk, vi berre veit det ikkje sjølv. Vi veit ikkje at når vi klagar til norsklæraren om nynorsk, så engasjerer vi oss i politikk. Vi veit ikkje at idrettshallen vi trenar i fleire gonger i veka, er eit resultat av politikk. Mange av oss veit ikkje eingong at lekser, kantinemat på skulen, KRLE og aldersgrense på solarium er politikk. Likevel er jo dette saker som ungdomar flest har forholdsvis sterke meiningar om.

Hulda Holtvedt trur mange ungdommar er blitt vande med tanken om at det ikkje er meininga at ein skal engasjere seg.

LES OGSÅ: Er grensa på 18 år katastrofal?

– Må læra å bruka ytringsfridomen
– I løpet av sju år på barneskulen har vi lært litt om ytringsfridom, men vi veit ikkje korleis og kvifor vi skal bruke han. Vi har lært litt om organisasjonsfridom, men når vi går ut av 7. klasse har vi ikkje grunnlag for å velje kva for ein organisasjon som passar oss. Vi har nok lært namnet på statsministeren, men vi har svært lite kunnskap om kva vedkomande eigenleg står for.

– Kva skal vi gjere for å få opplyste ungdomar med eit engasjement som blir teke bli alvor?
– Meir politikk i skulen trur eg er eit viktig steg på vegen mot meir deltaking i samfunnet blant unge. I tillegg vil meir merksemd til ungdomsorganisasjonane, meir vekt på elevrådsarbeid og røysterett for 16-åringar bidra til dette.
LES OGSÅ: Demokrati-kritikk mot ny læreplan

Justin Bieber-konserten
I føredraget roste ho elevane i Ålesund som kjempa gjennom utsetjing av tentamen for å gå på Justin Bieber-konsert i Oslo.

– Elevrådet på skulen hadde jobba for dette i nærare eit halvt år, og fått gjennomslag. Eit strålande døme på godt samarbeid mellom elevar og lærarar, sa ho og la til:

– Likevel vart det eit enormt oppstyr i media, og i NRKs beste sendetid vart elevdemokratiet kaldblodig slakta av fleire av Noregs meir prominente politikarar. Er det berre når unge og gamle er samde, at dei unge skal bli høyrt?'

Les innlegget som Hulda Holtvedt heldt på TEDxOslo her!

(artikkelen held fram under bildet!)

Vil ikkje gi opp verda
– Å delta på Tedx er noko av det artigaste eg har gjort, seier Hulda til Framtida.no.

– Det var så utruleg gøy å stå og snakka framfor så mange menneske som verka genuint interessert i det eg hadde å seia, og eg håpar verkeleg eg får sjansen til å gjere noko liknande igjen ein gong! Eg følte verkeleg at eg vart lytta til.

Kva var det som fekk deg til å engasjera deg i politikk?
– Eg skjønte kva politikk var då eg byrja å skrive debattinnlegg for moroskyld, og sidan då har engasjementet kome ganske av seg sjølv – for meg har det eigenleg alltid vore heilt naturleg å ha sterke meiningar om mykje. Noko av det som får meg til å engasjere meg no er nok likevel tanken på at så lenge verda ikkje er heilt plettfri, er det for tidleg å gje opp tanken på å endre ho.

LES OGSÅ: Vil gi stemmerett til babyar

Kva er dei viktigaste politiske sakene for deg?
– Det som er aller viktigast for meg er miljø- og dyrevern, og rettane til homofile og transseksuelle. Dessutan er jo skulepolitikk noko som angår meg i veldig stor grad, og som eg sjølvsagt brenn veldig sterkt for.

Kvifor har du engasjert deg i Grøn Ungdom?
– Eg har vald Grøn Ungdom fordi eg meiner Miljøpartiet Dei Grøne er dei einaste som tek dei største problema til kloden på alvor.

– Mens dei andre partia diskuterer filleting som i den store samanhengen ikkje tyder særleg mykje, vil Dei Grøne sikre at våre etterkommarar arvar ein planet det går an å bu på. Det åleine synest eg er ein god nok grunn til å velje Grøn Ungdom framfor alle andre ungdomsparti.

LES OGSÅ: – Hadde det ikkje vore flott med meir tid til kvarandre?

Korleis trur du ungdom vil påverka politikken viss stemmerettsalderen blir 16 år?
– Først og fremst trur eg røysterett for 16-åringar vil bidra til å setje interessene til ungdomen på dagsorden. Dei vaksne vil ikkje lenger kunne køyre sitt eige løp; dei vil bli nøydde til å ta omsyn til kva vi unge meiner. Vi vil til dømes vere i stand til å i større grad avgjere over vår eigen skulekvardag, i staden for at ein gjeng med grånande politikarar sit og tek alle avgjerdene for oss. Eg trur òg at vi unge vil kunne dra politikken i ei grønare retning, i og med at forholdsvis få av oss vil at menneska skal døy ut.