Matvarekjedene sel meir av sunne varer

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kiwi er ein av kjedene som kan vise til auke i salet av sunne matvarer, fortel Bergens Tidende. I 2015 selde kjeda 38 prosent meir fersk fisk enn i 2014, og 20 prosent meir frukt og grønsaker.

– Tala viser at folk vil ha meir av det som er sunt. Det er rett og slett ein formidabel auke, seier kommunikasjonssjef i Kiwi Kristine Aakvaag Arvin til avisa.

Også Rema 1000 og Coop melder om ein auke i salet av fersk fisk, frukt og grønt frå 2014 til 2015. For bransjen sett under eitt, auka salet av fersk fisk med 6,7 prosent og salet av frukt og grønt med åtte prosent, fortel BT. (©NPK)