Matteangst har stor effekt

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Matteskrekk er ein spesiell form for skrekk som er knytta til handsaming av tal og likningar som kan ha ramma nærare 60 prosent av nordmenn.

Talskrekk er ikkje innbilling, skriv forskning.no. Nettstaden syner til at spanske forskarar meiner at skrekk for behandling av tal og likningar er ei heilt handgripeleg form for angst.

Teamet skanna 46 born som løyste addisjons- og subtraksjonsoppgåver, og konkluderte med at hjernen til dei som har angst for matte viste heilt spesielle aktivitetsmønster.

Samstundes sank aktiviteten i fleire delar av hjernen som har å gjere med arbeidsminne og handsaming av tal. Det såg faktisk ut som om det nett var den høge aktiviteten i skrekksenteret som slo ut problemløysningsfunksjonane til hjernen.

Det er mogleg at problema forsterkar kvarandre: Matteangsten gjer deg dårlegare rusta til å løyse reknestykka, noko som gjev deg større årsak til å frykte tal og likningar.

Les òg: Frå matteskrekk til mattemeistring.

Negativ effekt
– Den same delen av hjernen som reagerer på skremmande situasjonar, som å sjå ein edderkopp eller ein slange, viser også auka respons hos born med mykje matteangst, seier Vinod Menon i ei pressemelding frå Stanford University.

– Forsking har synt at matteangst har ei negativ effekt på matematikkferdigheiter, noko som har ei uheldig verknad på karriereval, sysselsetting og profesjonell suksess, skriv forskarane i Psychological Science.

Les òg: Lærarstudentar på u-landsnivå i matte