Martha får massiv støtte etter å ha laga film om magen sin

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Martha får massiv støtte

(Sjå videoen nedst i saka!)

– Eg hadde aldri trudd at eg skulle synest det var behageleg å stå slik, smiler Martha Steinsland Leivestad (21).

Ho står og trommar på magen for kamera utanfor den kreative høgskulen Westerdals i Oslo.

«Den dumme magen»
Då film og tv-studenten frå Stord fekk i oppgåve å laga ein personleg dokumentar, var det ikkje tvil om kva han måtte handla om. Det måtte bli «den dumme magen», som ho har brukt så mykje energi på å vere misnøgd med opp igjennom åra.

– Det var veldig vanskeleg, fordi det er så sårt. Det er ikkje noko eg har lyst å snakka om. Så verkar det så tåpeleg òg, for det er jo berre å trena. Men så er det ikkje berre det, for det handlar jo om å vera fornøgd, om å tenkja: «Eg er fin, sjølv om eg er litt meir», forklarar Martha over bordet i den grå og gule skulekantina til Westerdals Oslo School of Arts, Communication and Technology.

Filmen vart starten på ei reise gjennom gamle dagbøker.

– Eg byrja å skriva dagbok då eg var 13 år. Først skreiv eg berre om kvardagen min, men etter kvart som eg vart eldre ser eg korleis det eg skreiv om meg sjølv berre vert meir og meir negativt. Det handlar berre om kropp og gutar – og det at ingen ville lika meg. Eg tenkte at det er dette eg må laga film om, fordi det er det eg tenkjer på heile tida.

Resultatet er blitt filmen «Mage-Martha», eit ærleg og utleverande portrett av korleis magen har forma sjølvbiletet til ei ung jente.

LES OGSÅ: Unge jenter hopar over frukosten for sminken

 
I filmen får me høyra om Martha (til venstre), som kunne bada heile dagen.

– Det er vondt å vera ungdom
For Martha byrja magen å bli eit problem då ho som 12-åring såg eit bikinibilete av seg sjølv, der ho hadde fleire valkar enn bestevenninna.

Den badeglade jenta vart bevisst på eigen kropp og byrja etter kvart å dekkja seg til med stor shorts og t-skjorte.

Som ein slags forsvarsmekanisme byrja tenåringen å tulla med utsjånaden og sjølv kalla seg «feit».

Men denne historia er langt frå unik.

Ifølgje Ungdata-undersøkinga er éi av tre tiandeklassejenter misfornøgd med seg sjølv. Og sjølvbiletet heng tett saman med om dei er nøgde med utsjånaden sin.

Norske jenter er faktisk så misnøgde med eigen utsjånad at meir enn éi av ti kvinner i alderen 15-29 år kan tenkja seg å fiksa på utsjånaden sin ved hjelp av kosmetisk kirurgi. Det viser ei undersøking gjort av NRKi sommar.

– Det er vondt å vera ungdom, fordi ein skal vera så flink på skulen – noko eg ikkje var. Og det er vondt på grunn av kroppspresset og at ein skal vera så nydeleg heile tida, konkluderer 21-åringen, som tykte at det vart betre då ho vart ferdig med tenåra.

No har ho til dømes nesten slutta å kalla seg «feit» fordi ho har innsett at ein må byggja sjølvbilete, og det gjer ein ikkje ved å bruka vonde ord om seg sjølv.

LES OGSÅ: 16-åring ut mot usunt kroppspress

«Shit, eg berre gjer det»
Å leggja ut filmen på Internett var i utgangspunktet heilt uaktuelt for Martha.  Det var altfor personleg. Og så var det desse bikinibileta.

Men etter å ha vist filmen i klassen vart ho oppmoda av klassekameratar til å leggja han ut, nettopp fordi det er så mange som kjenner på det same.

– Ein sa: «Eg er gut, likevel sit eg og tenkjer på magen min. Eg vil at syster mi skal sjå det og eg vil at kjærasten min skal sjå det, fordi det er så aktuelt». Så då tenkte eg: «Shit, eg berre gjer det», fortel 21-åringen, som vil at filmen skal vera rørande og få folk til å tenkja.

Det ser det ut til at ho har lukkast med.


 Kva gjer ein om magen seier skal du gå i det der? Skal du ha på deg den lille bikinien, spør Martha i filmen.

Får personlege historier 
Sidan ho la ut filmen har det tikka inn mange personlege meldingar – mest frå damer i alderen 15 til 30 år.

Mange av 15-åringane tykkjer det  er godt å høyra at dei ikkje er åleine.

Dei fortel kva dei tenkjer om seg sjølv og kva forhold dei har til kroppen sin. Gjengangaren er ei kjensle av håpløyse  og det å vera trist over eigen kropp.

– Tilbakemeldingane eg har fått frå ein del 15-åringar er at: «Det er så godt å sjå nokon i din storleik  seia at det går greitt, fordi eg er den einaste av mine venninner som er slik», forklarar Martha.

Dei litt vaksnare damene som har skrive til filmskaparen har på si side kome til ein slags konklusjon  der dei seier: «No innser eg kor flott det er å vera meg. Det er deilig å stå opp om morgonen og tenkja at eg er frisk og kan gjera det eg vil – sjølv om eg har litt mage».

Martha smiler.

LES OGSÅ: Kroppspresset gjeld òg menn

– Slutt å les blogg!
– Kvifor er kropp og sjølvbilete så utruleg vanskeleg for unge folk?

Ho treng ikkje lang tid på å tenkja på svaret:

– Sosiale medium, absolutt! Eg er evig glad for at ikkje Instagram fanst då eg var 15-16 år. Ein samanliknar seg med alle andre og det er blitt mykje lettare på grunn av sosiale medium. Eg trur det har blitt mykje meir konkurranse om å ha flest følgjarar og sjå ut på ein bestemt måte, seier Martha, og trekk fram Kylie Jenner som eit eksempel.

Den yngre halvsystera til realitystjerna Kim Kardashian har vorte eit ikon på Instagram med over 40 millionar følgjarar og emneknaggen #jennerlips.

Martha meiner prestasjonspresset unge jenter opplever knytt til utsjånad er «ganske sjukt» og har eitt klart råd til dagens 15-åringar:

– Drit i at det skal vera så perfekt, for det er det ikkje. Drit i å tenkja at du skal ha masse følgjarar på Instagram. Og slutt å les bloggar. Seriøst! Det er så mykje kjekkare å vera kreativ, eller gjera noko som interesserer deg, seier filmskaparen, som ikkje trur 15-åringar har godt av å lesa om bloggarar som kallar seg sjølv stygge og skriv som om meininga i livet er å koma inn i den riktige jakka i storleiken XS.

– Ein skal vere sunn – og litt usunn. Ein god miks. Så lenge du får til det du vil få til. Så lenge kvardagen din er fin og du har ein grunn til å stå opp. Ver omringa av gode vener og  ha ein fin kvardag full av gode tankar. Og le skikkeleg høgt og godt, smiler Martha.

LES OGSÅ: – Det var sjukt deilig å forlate vidaregåande

 
– Uansett kor vondt magen min kan få meg til å føla meg, så er eg no glad han er der, konkluderer Martha i filmen.

Kjærast, klede og kroppspress
I dag har Martha eit «opp-og-ned-forhold» til kroppen sin.

Framleis kan ho ha dårlege kveldar, som ein kan sjå i filmen, der filmskaparen sjølv ligg oppløyst i tårer og seier: «Eg hatar kroppen min».

– Men eg har hatt ein kjærast – noko eg aldri trudde skulle skje. Det var ei fin oppleving, fordi ein vert mykje meir «comfy» med kropp og sånn. Men òg berre det at eg har byrja å læra om å kle meg etter kroppen min. Når eg står opp om morgonen følgjer eg mor mi sitt råd om at: «Har du ein dårleg dag, så pynt deg som om det er den beste.» Det er same kva storleik du er, så lenge du eig det. Eg føler meg meir komfortabel i kroppen min, fordi eg har funne ut kven eg er og kva eg kler, smilar ho, som er sjølverklært «meister i å halda inn magen».

– Men held du framleis inn magen?

– I denne kjolen må eg jo det! ler Martha.

LES OGSÅ: Meir stress, mindre rus

Foreldrefella
I filmen intervjuar Martha sin eigen far om kva han hugsar. Ho fortel at han vart overraska over at dette var noko dottera hadde følt mykje på.

– Er det noko foreldre kan gjera?

– Eg skulle ynskja mamma og pappa snakka meir med meg om det, men eg trur ikkje dei hadde den opplevinga. Eg var jo veldig stille om det og har vore det heilt til no. Me har aldri eigentleg snakka om at eg er den større typen. Eg trur foreldre må kommunisere med ungane sine. Det er spesielt viktig no med alle sosiale medium. Berre prat og spør: «Kva gjer du? Kva tenkjer du på?» God kommunikasjon er kjempeviktig. Sei: «Du ser fin ut». Og vis at du er glad i ungen din som han er, seier Martha.

Og sjølvsagt er det ting ein ikkje bør sei. For det er ikkje akkurat kjekt å høyre at det berre er kvalpefeitt, at det berre kan trenast vekk, eller at eit klesplagg er for stramt.

Men den viktigaste endringa er det jentene sjølv som må gjera.

– Eg trur unge jenter MÅ slappa av. Det kjem ikkje til å bli betre viss me ikkje roar ned ti hakk. Ikkje lat som om du er som alle andre, for det er du ikkje. Kvifor bruke så mykje energi på at du ikkje ser sånn ut? Du skal ikkje sjå sånn ut. Du skal sjå ut som deg, slår Martha fast.

Badegleda
Dei problematiske bikinibileta har heldigvis ikkje drepe badegleda hjå 21-åringen. Som ein kan sjå i filmen har ho berre bytta ut bikinien med badedrakt.

Og ho har lært ein god del av å dela si eiga historie.

– Det er godt å veta at eg ikkje er åleine om det. No trur eg at eg skal eg invitera alle med på å bada, smilar Martha. 

Sjå filmen her: