Mann fekk betre syn av 3D-film

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den godt vaksne psykologiprofessoren Bruce Bridgeman, som underviser ved University of California, hadde hatt dårleg samsyn storparten av livet sitt. Han var skjegløygd og sleit difor me samsynet. Dette inneber at augo ikkje samarbeider om å skape eit fullstendig synsinntrykk. Det var britiske BBC som fyrst omtala den spesielle saka, der Bridgeman hevdar han fekk betre syn etter å ha sett filmen Hugo i 3D.

– Hjernen kan få ei plutseleg oppleving, slik at den skjønar korleis han skal kople saman synsinntrykka frå venstre og høgre auge, fortel Hans Torvald Haugo i Norges Optikerforbund, som ikkje har sett noko god fagleg beskriving av akkurat dette som vert omtalt i artikkelen.

– Om dette er ein mann over 50 år, som har fått trent opp sannsynet sitt etter berre ein 3D-film er det ei lita mirakelhistorie, meiner han.

LES OGSÅ: Nærsynt av studia

3D-trening
Fagsjefen i optikarforbundet fortel at det er vanleg å nytte ulike typar 3D-teknologi for å trene sannsynet til små born. Som regel må ein trene opp synet over tid, og det er enklare å få gode resultat jo yngre barnet er.

Effekten på synet av 3D film har vore mykje diskutert, særleg når det kjem til born. I 2011 omtalte NRK den norske seksåringen Julian, som vart skjegløygd og fekk dobbeltsyn etter å ha vore på 3D-kino. Ifølgje Barnevakten er ikkje 3D påvist skadeleg for born, men same år gjekk Nintendo ut og råda foreldre frå å la born under 6 år spele deira 3D-spel.

– Grunnen til at det er så mange ulike historier er at synet varierer frå person til person, fortel Haugo.

 – For ein person med normalt samsyn vil 3D-effekten opplevast som morosam, for ein person med litt dårleg samsyn vil det vere litt slitsomt.

LES OGSÅ: 3D-filmane på veg ut

Ute best
I sjeldne tilfelle kan altså 3D-film ha ein direkte effekt på synsevna, i positiv eller negativ retning. Får ein synsproblem etter ein 3D-film er det høgst sannsynleg fordi ein allereie hadde eit lite problem med samsynet.

Optikarforbundet rår difor folk til å sjå 3D-film med måte, og at born aller helst kjem seg ut for å leike i ekte tredimensjonal natur.

 Eg kan sei med vissheit at eg ikkje rår folk å gå på 3D-kino for å bli kvitt skjegling, seier Ellen Svarverud, fyrsteamanuensis ved Institutt for optometri og synsvitskap ved Høgskulen i Buskerud.

Ho peikar på at det er vanskeleg å vete akkurat kva det dreier seg om i slike tilfelle og meiner at mannen kan ha hatt betre samsyn tidlegare enn det har verka som.

 Ein kan måtte trene synet når ein ser på 3D-film og det er ikkje direkte usunt, seier Svarverud, men rår særleg foreldre til å vere ekstra merksam på korleis små born reagerer på effekten.

 Ser ein dobbelt etter å ha sett ein 3D-film eller får andre auge- eller synsplager, må ein oppsøkje optikar.