Mange meiner kvinner har ansvar for valdtekt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Har ansvar for valdtekt

I undersøkinga som Ipsos MMI har gjort for Amnesty, svarer ei ørlita gruppe menn – på 2 prosent, at ho er heilt ansvarleg for å ha blitt utsett for valdtekta dersom ho openbert flørta med mannen. 66 prosent meiner ho i det heile ikkje er ansvarleg, medan 28 prosent meiner ho har delvis ansvar, skriv VG.

At så mange meiner kvinna til ei viss grad kan skylde på seg sjølv, fell ikkje i god jord hos Amnesty.

– Det er leit og skuffande, seier generalsekretær John Peder Egenæs.

LES OGSÅ: Krev betre undervising mot valdtekt

Ein av ti seier at kvinna er delvis ansvarleg dersom ho er kjent for å ha hatt mange partnarar. Det reagerer politimeister Geir Gudmundsen i Hordaland sterkt på.

– Både som mann og som politimeister stiller eg meg heilt avvisande til slike haldningar. Mannen har uansett ansvaret, og kvinna kan seie nei på eitkvart tidspunkt, understrekar han. (©NPK)