Mange jobbar ved sida av studia

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Så mange jobbar ved sida av studia

Studentane hadde høgare buutgifter i 2010 enn i 2005. I denne femårsperioden har støtta frå Lånekassa gått noko ned. Men fordi dei har høgare lønnsinntekter, har studentane likevel meir pengar til disposisjon. Dette kjem fram i den andre rapporten Statistisk sentralbyrå gir ut i samband med undersøkinga Levekår blant studentar 2010. 

5400 kroner til bustad 
I undersøkinga svarte ni av ti studentar at dei har utgifter til husleige eller bustadlån. Sju av ti studentar leiger bustad, medan knapt to av ti eig eigen bustad. Studentane hadde høgare buutgifter i 2010 enn i 2005. Gjennomsnittlege utgifter til bustad var om lag 5.400 kroner i månaden. Dette er ein auke i løpande kroner på 16 prosent frå 2005.

LES OGSÅ: Fleire tener for mykje til å få stipend

Halvparten av studentane brukte meir enn ein fjerdedel av hushaldsinntekta på buutgifter. Studentar som bur sentralt i høve til studiestaden, har høgare buutgifter enn studentar som bur mindre sentralt. 

94 prosent av studentane hadde registrerte yrkesinntekter i 2010, og desse inntektene utgjorde 53 prosent av studentane sine disponible beløp.

Samanlikna med studentundersøkinga i 2005 har den vanlegaste yrkesinntekta for ein student auka med 34 prosent, medan studiestøtta frå Lånekassa er gått ned med 1 prosent, når ein tek omsyn til prisutviklinga.

Yrkesinntekten utgjorde dermed ein mindre del av økonomien til studentane i 2005, 44 prosent. 

LES OGSÅ: – Stipendet er underregulert

Færre med betalingsvanskar 
Eit mindretal av studentane har hatt vanskar med å betale rekningar eller uforutsette utgifter. Færre studentar enn tidlegare har problem med å klare seg økonomisk: 18 prosent sa i 2010 at dei ofte eller av og til har hatt vanskar med å klare løpande utgifter til til dømes mat, bustad eller transport, mot 27 prosent av studentane i 2005. Kvinnelege studentar ser ut til å ha noko hyppigare vanskar enn mannlege studentar, og einslege noko meir enn par, men skilnadene er små. 

LES OGSÅ: Studielånet er så mykje mindre verdt

Foreldre som støttespelarar
Fleire enn før oppgjev foreldra som sin nest viktigaste inntektskilde etter studielånet. Det er òg ein svak auke i delen studentar som mottek regelmessig økonomisk støtte frå familien. 

Over halvparten av studentane fortalde at dei har motteke økonomisk støtte frå familien til dekning av utgifter siste år. Éin av fire har motteke minst 10.000 kroner.