Mange fleire vil bli optikar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 07.01.2018 17:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fjor var det 191 søkarar som hadde optikarstudiet som førsteval. Det er ein formidabel vekst, frå 55 søkarar i 2012 .

– Etter fleire år med målretta rekrutteringsarbeid, strøymer søkarane no til studiet. Då får me fylt klassane med motiverte og kvalifiserte studentar. Kunnskapen om yrket, og korleis ein blir optikar, har vore liten, seier Per Kristian Knudsen, dagleg leiar i Norges Optikerforbund og Synsinformasjon til Newswire.

Ei viktig årsak til at fleire søkjer studiet, er at bransjen, i samarbeid med høgskulen deltek på utdanningsmesser over heile landet med optikarstudentar som «ambassadørar».

For nokon år sidan var det for få søkarar til å fylla studiet. No er det igjen konkurranse om dei 66 studieplassane på Kongsberg.

– Mange unge har fått auga opp for at dette er eit spennande og variert yrke med gode jobbhøve over heile landet, seier Knudsen.

– Lett å få jobb
Ein aldrande folkesetnad, det at fleire brukar briller, og at arbeidsoppgåvene til optikarar blir utvida, gjer at det knapt finst arbeidsløyse blant optikarar.

– Det fine er at du kan få deg ein trygg jobb nesten der du vil i landet. Sjølv kjem eg frå Vadsø og har gode høve for å få jobb i heimbyen min, seier Joakim Hansen, som går siste året på optikarlinja i Kongsberg.

Marte Overgaard er nyutdanna optikar og har allereie blitt tilsett hos Specsavers i Kongsberg.

– Eg angrar ikkje på yrkesvalet. Det beste med å vera optikar er at du møter så mange ulike menneske. Alt frå små born til godt vaksne treng hjelp med synet sitt, seier Overgaard til Newswire.

Generell studiekompetanse er eitt av få krav for å søkja på det treårige bachelorstudiet i optometri.

Det er cirka 1500 yrkesaktive optikarar i Noreg. Kvart år vert uteksaminert rundt 60 nye optikarar frå Høgskolen i Sørøst-Norge, campus Kongsberg. Dette er den einaste studiestaden for optikarar i Noreg, men ein kan ta delar av studiet i utlandet.