Mange elevar blir ikkje spurt om julegudstenester

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Elevar blir ikkje spurt

I rundspørjinga, der over 500 rektorar er spurt, vert det avdekt store forskjellar i korleis julegudstenester vert arrangert på skulane her i landet.

Tala viser at éin av fem skular ikkje har julegudstenester i det heile teke, og berre éin av to skular ber om aktiv påmelding frå elevane. I tillegg har berre éin av fem skular eit alternativt tilbod til elevar som ikkje ønskjer å delta.

Utdanningsdirektoratet rår skulane frå å definere skulegudstenesta som ei avslutning og anbefaler aktiv påmelding.

Fri for bønn
I år blussa debatten om skulegudstenestene opp igjen, etter at det vart kjent at rektorane på Voss ønskte å droppe det tradisjonelle arrangementet. Skulen løyste floken ved å døype om julegudstenesta til ei julesamling fri for bønn og forkynning.

– I gudstenesta startar presten med å seie «la oss be». Hadde han gjort det under julesamlinga, hadde han inkludert elevane i bønn. Men det gjer han ikkje no, derfor blir dette eit inkluderande tilbod til alle, sa kommunalsjef i Voss kommune, Else Berit Kyte, til Kommunal Rapport i førre veke.