– Månen er eit svært eksotisk reisemål

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Månen er eit eksotisk reisemål

– Eg innbiller meg at det må vere ein fantastisk tur, seier Maria Berdahl, aspirant ved Norsk Romsenter, til nyhenda om at to privatpersonar skal reise rundt månen i 2018.

SpaceX, romfartsselskapet til Tesla-gründar Elon Musk, la fram planane i ei pressemelding tidlegare denne veka.

Berdahl skildrar månen som «eit svært eksotisk reisemål.», og understrekar at det nok vert både utruleg spennande, veldig farleg og samtidig ikkje særleg behageleg. Ho trur at den vekeslange reisa vert ein blanding av kjempespennande og litt keisam.

– Dei kjem til å sitte fastspent i ein stol i ei veke og ete frysetørka mat medan dei ser ned på jorda. Det er liten plass, og ikkje som på romstasjonen der du kan bevege deg i vektlaus tilstand. Dei vil berre ha kvarandre og kontrollrommet på jorda å snakke med i ei heil veke, seier ho.


Maria Høegh Berdahl er rådgivar i ei aspirantstilling ved Norsk Romsenter. Foto: Privat

Ikkje uproblematisk
Berdahl trekk fram at det heller ikkje er uproblematisk å bli skutt opp av ein rakett, og at det kan skje ulykker både ved oppskyting og ved landing. Ifølgje SpaceX vil selskapet ikkje gjere like omfattande testar av rakettar og romfartøy som det NASA gjorde med Apollon-oppdraget.

Påkjenninga på veg ut av jordas gravitasjon kan også gi folk romsjuke, om lag eit døgn der ein er veldig kvalm.

Dei to personane skal i følgje SpaceX ha betalt eit betydeleg depositum, og skal starte omfattande fysiske undersøkingar og testar seinare i år. Namna deira er enno ikkje kjent.

Utvikling av romfartøya og rakettane til oppdraget skjer i samarbeid med NASA.

Oppdagingsreiser
«Som Apollo-astronautane før dei, vil desse personane reise ut i verdsrommet med håpa og draumane til heile menneskeheita, drivne av den unvierselle menneskelege trongen til å utforske», skriv SpaceX i pressemeldinga.

Berdal trur at det å presse grensene sine og overleve noko som er farleg kan vere med på å motivere dei to framtidige romfararane til månen.

– Kanskje er dei litt som tidlege oppdagingsreisande på jorda, som reiste ut for å oppdage det ukjente, seier ho.

«Dette er ein viktig milestein på veg mot det ultimate målet vårt om å transportere menneske til Mars», skriv SpaceX på heimesidene sine. Elon Musk har tidlegare lova at turen til Mars vert alt anna enn keisam.

– Det å etterpå kunne stå på jorda, sjå opp på månen og seie at «der har eg vore», må vere heilt spesielt, konkluderer Berdahl. 

LES OGSÅ: 7 nye planetar som kan ha vatn og liv