Mållaget uroa for ny regjering

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det gjer oss urolege at dei to partia som har vedtaksfesta at dei vil gjere sidemål valfritt og endre mållova, no skal sitje åleine i regjering, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding på deira nettsider.

LES OGSÅ: – Ikkje ein gong valfritt sidemål, Høgre?

Eit vake blikk
Høgre og Frp skal no forhandle ferdig ei regjeringsplattform og danne ei ny regjering. 

Mållaget saknar nynorsken i den forpliktande samarbeidsavtalen som er inngått mellom dei regjeringsklare partia og Venstre og KrF. Der står det ingenting om nynorsk knytt til verken utdanning, kultur eller mållova.  

– Likevel er det slik at den nye mindretalsregjeringa no må søkje stønad for sin politikk i Stortinget. Me forventar at partia på Stortinget både held eit vake blikk på den nye regjeringa og hugsar på lovnadene sine frå valkampen, seier Tennø, som er tydeleg på at Noregs Mållag vil vere påpasselege i sitt arbeid den neste fireårsperioden.

LES OGSÅ: Like mange nynorskbrukarar på tinget

Vanskeleg å endre
Venstre og Krf meiner det ikkje er grunn til å vere uroa for Ivar Aasen sin arv.

Venstre-leiar Trine Skei Grande seier det vil verte vanskeleg for Høgre og Frp å endre språkpolitikken.

– Grunnen til at det ikkje ligg i avtalen er at det er brei einigheit om dette i Stortinget. Me vil følje den førre språkmeldinga, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande til Kulturnytt.

Skulepolitisk talsperson i Høgre, Elisabeth Aspaker, ville til Kulturnytt i dag ikkje kommentere kva skulepolitikk det norske folk kan vente seg med den nye regjeringa.

Mållagsleiar Tennø hadde helst sett at Venstre og Krf hadde vorte med i ei regjering for å dra politikken i rett lei for nynorsken, men lovar å følje med partia i både og utanfor regjering.

– Noregs Mållag skal i alle fall følgje regjeringa og Stortinget tett for å sjå til at nynorsken vert hegna om, seier mållagsleiaren.

LES OGSÅ: – Nynorsken vil ikkje felle regjeringa