Mållaget reagerer på Hjemmebane

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er berre naturleg at ein fotballklubb i Ulsteinvik brukar Heimebaneog ikkje Hjemmebane.Det er ingen på Søre Sunnmøre som seier hjemmebane, seier Magnar Storøy, leiar i Sunnmøre Mållag.

På førre styremøte vart lokallaget einige om å gå ut og kritisera NRK for namnevalet på den nye dramasatsinga som i desse dagar vert spelt inn på Høddvoll stadion i Ulsteinvik.

Dramaserien Hjemmebaneer skriven av Johan Fasting og er eit samarbeid mellom NRK og Motlys, som skal visast på norske tv-skjermar til neste år.

– Det handlar om identitet
I tv-serien møter me Helena Mikkelsen (Ane Dahl Torp) som kjem til fotballaget Varg som Noregs første kvinnelege trenar på toppnivå. Handlinga i dei ti episodane dreier seg rundt hennar møte med bygda og den fiktive klubben Varg, som speler heimekampane sine på Tangsrud Arena. John Carew har òg ei leiande rolle. I tillegg har lokale aktørar fått prøva seg i mindre roller.

Mållaget viser til at både Ulsteinvik kommune og fotballaget Hødd nyttar nynorsk. Den lokale klubben fekk i 2013 Målblomen av det lokale mållaget.

Storøy har inntrykk av at innspelinga skapar stoltheit og lokalt engasjement, men håpar NRK endrar nokre bokstavar i tittelen før norske tv-sjåarar vert kjent med det fiktive fotballaget Varg.

– Det handlar om identitet og sidan det skal vere herifrå området er det naturleg med tittelen Heimebane. NRK bør ta omsyn til kvar dei filmar, slik at dei brukar nynorsk i titlar og stadnamn, meiner Storøy.

Nynorsksupporterar
Ordførar i Ulstein Knut Erik Engh (Frp) er sjølve ein ihuga nynorskbrukar, som gler seg over at NRK har lagt si siste dramasatsing til nettopp hans kommune.

– Eg synest generelt at NRK er flinke til å ta vare på nynorsken og lage nynorske produksjonar, så det vert litt dumt å kritisere dei for at denne serien ikkje er på nynorsk.

Hovudrolleinnehavarane snakkar heller ikkje nynorsk, så då vert det litt rart å ha tittel på nynorsk, seier Engh, som likevel synest det hadde vore positivt om NRK valde å endra tittelen til Heimebane.

På Høddvoll, heimebanen til fotballaget Hødd, har dei ikkje gjort seg opp ei endeleg meining om kva serien bør heite, men driftssjef for anlegget Per Arve Moldskred har likevel gjort seg opp nokre tankar:

– Me er no i nynorskland så eg synest det kling betre med heimebane enn hjemmebane. Men slik som eg har forstått det så er dette ein arbeidstittel, så om serien vert heitande det når han kjem på skjermen er eg usikker på, seier Moldskred.

Språksjefen på ballen
Vikarierande språksjef i NRK, Ingvid Bryn, sa tidlegare denne månaden til NRK sine eigne nettsider at dei ville sjå på om Hjemmebane burde heitt Heimebane.

Dramasjef i NRK Ivar Køhn forklarar til Framtida.no at tittelen Hjemmebane har følgt storsatsinga heilt sidan dei byrja å jobba med serien for 3 år sidan.

– Då visste me ikkje kvar me skulle spela inn serien og sidan serien vart skriven på bokmål var det naturleg å bruka Hjemmebane, forklarar Køhn.

Han tykkjer spørsmålet som Mållaget tek opp absolutt er relevant i denne samanhengen og forklarar at dei vurderer saka.

– Me vurderer fram og tilbake. Det er litt som når du har gitt eit barn eit namn, då krev det litt vurdering å endra det, seier dramasjefen, som reknar med at dei kjem med ei avgjerd neste veke.

Køhn har ikkje gjort seg opp nokre meiningar om kva som har størst kommersiell kraft av dei to namna, men ser nokre fordelar med det nynorske namnet.

– Det er kanskje gøyare og meir spanande med Heimebane, fordi det speler på den lokale dialekta, meiner han.

LES OGSÅ: Desse tv-seriejentene må du sjå!