Mållaget: – Korttenkt om språk frå Høgre

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Aftenposten melder at programkomiteen til Høgre føreslår å avskaffa obligatorisk skriftleg sidemålsundervising, men sikra tekstar og kompetansemål på begge målformer i undervisinga.

– I praksis, og på sikt, tyder det å riva vekk nynorskkunna frå majoriteten av folket, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

– Korleis ein vil kompensera for dette, ser det ikkje ut til at Høgre har eit svar på, held han fram.

I det gjeldande stortingsvalprogrammet seier Høgre at dei vil «avvikle ordninga med eigen karakter og eksamen i sidemål i ungdomsskolen og den vidaregåande skolen».

Avhengig av godvilje
Formålet til sidemålsopplæringa er todelt, ifølgje Mållagsleiaren. Han har sjølv lang erfaring som lektor i norsk på vidaregåande:

– Nynorskbrukarane er, til liks med fleire andre mindretalsspråk rundt om i verda, avhengige av godvilje frå fleirtalsspråkbrukarane for å kunna nytta språket sitt. Sidemålsundervisning er heller ikkje uvanleg i andre språkkløyvde område.

Der har dei same grunngjeving som her: ein skal ta vare på rettane til mindretalsspråkbrukarane.

– Meistrar fleirtalsspråkbrukarane det mindre brukte språket, så vil mindretalsspråkbrukaren kunna bruka språket sitt over alt. Ei svekking av sidemålsordninga er ei svekking av nynorskbrukarane sine språklege rettar. Såleis er den totale situasjonen til nynorsken nært knytt til opplæring i nynorsk for elevar i bokmålsområde, poengterer Magne Aasbrenn.

– Dramatisk
Magne Aasbrenn peikar på at nynorsk og bokmål er to jamstelte norske språk som ein kan velja fritt mellom, difor må ein ha kjennskap til begge.

– Eit norskfag utan nynorsk vil vera eit halvt norskfag, seier Aasbrenn.

– Får Høgre det som partiet vil, vil det vera ei dramatisk endring av stoda for nynorsken i Noreg, og heilt utan at Høgre ser ut til å ha tenkt på korleis ein vil kompensera for eit så stort tap av nynorskkunne i ålmenta. Korleis ser dei for seg at kommunar og stat skal kunna skaffa viktig nynorskkompetanse og ikkje minst lærarkompetanse? undrar Aasbrenn.