≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Nynorsk, Dialekt, språk

– Målet er å unngå at folk rundt deg skal tenkja «stakkars utlending»

Britiske James Puchowski kan norsk, men slit med å forstå nokre dialektar.

James Puchowski
tysdag 28. februar 2017 15.32

– Målet er å unngå at folk rundt deg skal tenkja «stakkars utlending» Ein usannsynleg nynorskbrukar Britiske James Puchowski er over snittet interessert i språk – kanskje spesielt den norske situasjonen. Foto: Andrea Nøttveit

Som dei fleste norsktalande utlendingane, slit eg framleis med å forstå visse dialektar.

Nokre gongar har eg ikkje noko anna val enn å spørja; «hva sa du for noe?», og be om djupare forklåringar slik at eg forstår.

Når eg møter folk frå indre strøk i Rogaland og Hordaland, er det som eg snakkar med nokon som mumlar. Det er frustrerande. Men – det er jo situasjonen i Noreg, og det hjelper sjølvsagt ikkje å klaga.

Les innlegget: «Alle nordmenn snakkar eit annleis språk enn vi studerer»

Læreboknorsk
Men – og dette er viktig – eg har aldri bedt nokon leggja om til ein anna dialekt eller munnleg bokmål. Det går berre ikkje an. Det kan nok verka litt deprimerande av og til.

Eg veit at eg KAN norsk, men når eg snakkar med nokon som openbert ikkje snakkar på ein sånn «normert» måte, kan eg lett føla meg litt stressa når eg ikkje forstår.

Eg snakkar og skriv ikkje feilfritt. Men, lat oss vera realistiske: det er mange nordmenn der ute som også skriv feil, som snakkar utydeleg, som ikkje ha peiling på kva andre seier – spesielt når dei er i samtale med nokon med veldig brei dialekt.

På norskkurs lærer du deg å bruka ei form for norsk som berre finst i lærebøker – som berre finst i hovuda på dei som vurderer deg på eksamen.

Du vert etterkvart litt paranoid, alltid usikker, alltid på jakt etter ei form for norsk som er perfekt. Setningane dine vert lengre, meir innvikla, altfor høgtidelege. Du byrjar å skapa utfordringar som ikkje finst. Berre fordi du vil overtyda andre om at du /kan/ norsk.

Målet ditt er alltid å unngå at folk rundt deg skal ta til å tenkja «stakkars utlending, han/ho prøver jo...». Eit anna, kanskje viktigare mål, er at du ikkje legg om til engelsk.

Dialektentusiast
Det er kanskje tilfellet at du som er nordmann også har hatt problem med å læra deg engelsk eller eit anna framandt mål.

Eg skjønar veldig godt at språk er store, komplekse ting. Det er difor eg i fyrste omgang studerer dei som språkforskar. Men det er den norske språksituasjonen som ofte kan skapar store vanskar, fordi ei stor gruppe nordmenn ikkje snakkar på ein skriftspråknær måte, som faktisk er normalt i dei fleste landa der standardspråk finst.

Sanninga er at eg ikkje vil at du skal snakka bokmål eller nynorsk. Dialektvariasjonen er viktig, spesielt for lingvistar som studerer han.

Men – nokre gongar er det vanskeleg å uttrykkja frustrasjonen min medan eg prøver å finna nok ein ny plass til eit av dialektorda dine inn i hovudet mitt. Norsktalande utlendingar er testa heile tida, me snakkar jo annleislandet sitt språk!

Les intervju med skribent James Puchowski om korleis han fann nynorsken!


Oppdatert: tysdag 28. februar 2017 15.35
Kommentarar



Debatt

Brenn du inne med noko? Få det ut hos Framtida.no – me vil høyra di stemme! Skriv epost til tips@framtida.no!

 
ANNONSE: