Malakoff blir dokumentar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lokale talent i Sogn får 95 000 kroner til filmprosjektet, skriv Sogn Avis.

Prosjektet skal setja søkjelys på positiv ungdomskultur i Sogn og Fjordane, gjennom ein dokumentarfilm frå Malakoff Rockfestival. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes meiner dette er viktig omdømebygging.

– Malakoff Rockfestival har vore ei nyskaping på den nasjonale festivalscena fordi dei kvart år har evna å presentera eit aktuelt og spennande program. Like viktig er at festivalen har vore tufta på eit genuint ungdomsengasjement. Eg tykkjer det er eineståande og flott at me no kan få dokumentert dette gjennom eit filmprosjekt frå eit aktivt filmmiljø, seier fylkesordføraren.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har løyvd 80 000 kroner og Sparebanken Vest 15 000 kroner til dokumentarfilmprosjektet.

Det er filmfotograf Jo Bergersen som skal filma under årets Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid. Filmen skal nyttast av både fylkeskommunen og av rockefestivalen, og målet er blant anna å visa positiv aktivitet for ungdom i fylket og stimulere til vidare utvikling av musikk- og filmmiljøet.

LES OGSÅ: Meir popmusikk på norsk

Del av bulyst-prosjekt
Det er det profesjonelle filmmiljøet på Fosshaugane Campus, Sogndal musikkforum og Sogndal vidaregåande skule som står bak prosjektet. Dei søkte tidlegare i år om bulyst-midlar til eit prosjekt om dokumentarfilmar og ungdomsmiljø i Sogn og Fjordane. Dette fekk ikkje støtte i førre tildelingsrunde i Kommunal- og regionaldepartementet.

– Me jobbar no vidare med denne søknaden, seier prosjektkoordinator Terje Vatlestad i Sogndal musikkforum.

Ei tillitserklæring
Medielærar ved Sogndal vidaregåande skule, Inge Kjell Holme, er mentor i prosjektet og nøgd med midlane.

– Det er ei tillitserklæring at me får desse 95 000 kronene no. Me er veldig glade for å vera i gang med prosjektet, seier han.

Les saka i Sogn Avis!