Macody Lund-søstrer skal skremma folk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje før har ho debutert med kritikarrosa roman, så les me påvg.no at Synnøve Macody Lund skal spela si første hovudrolle i ein norsk spelefilm.

Og ikkje nok med det, ho skal ha med seg søstera, Ingrid Macody Lund Fraser, som skal spela hovudrolla si mor. 

LES OGSÅ: Macody Lund debuterte med bok

Filmen har fått tittelen «Hjemsøkt» og har manus skrive av Maja Lunde som også romandebuterte i år, med ein endå meir rosa roman, «Bienes historie».

Handlingar dreier seg kring ei suksessrik dame sin beste alder og med kul kjærast, som likevel er ganske inneslutta, kald og utilnærmeleg, fortel vg.no som skreiv om filmen torsdag.

– La oss kalla det ein juleskrekk, det er ei rein genreøving med alle triksa i boka, seier Macody Lund til vg.no.

Carl Christian Raabe er regissør for «Hjemsøkt». Det vert hans første spelefilm. Om Synnøve Macody Lund seier han:

– Ho er veldig flink, og så er det jo viktig å snappa henne før utlandet tek henne! Det er stor interesse for henne der ute, men eg valde henne mest fordi ho er så flink.

Ingrid Macody Lund Fraser har ikkje tidlegare filmrøynsle. Ho bur i London og er utdanna designer og songar.

Synnøve Macody Lund har fått si første hovudrolle i ein norsk film. Ho har også fått med seg søstera Ingrid Macody Lund Fraser på rollelista. Her er Ingrid. Arkivfoto: Per Egil Larsen

Les saka i Sunnhordland!