– Må satsa meir på førebygging

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Narkotikapolitikken i Noreg kan med enkle middel gjerast endå betre. Å få ein koordinert førebyggjande politikk i alle lokalsamfunn, slik ein har sett mange stader, er eit avgjerande steg vidare, seier Mark Champan, seniorrådgjevar i Ungdom mot narkotika.

– Å få dei som er avhengige ut av uføret er òg viktig førebygging. Då må det ikkje vera ventetid for handsaming, eller at tilbod, som til dømes terapeutiske samfunn, nedleggast. Rusfridom må vera eit mål. Ein slik auka satsing vil redusera overdosedødsfall og dei opne brukarmiljøa. Desse er viktige å få bort då dei verkar rekrutterande på unge, seier han.

Ungdom mot narkotika åtvarar mot å legalisa lettare narkotika, slik einskilde parti har teke til orde for.

– Det er eit farleg eksperiment ingen veit verknaden av. Å tru at ikkje misbruket vil auka er naivt på sikt, særleg blant unge. Det vil òg bryta ned den massive motstanden som er i Noreg mot narkotika. – Og kva er lettare narkotika? Om du blir avhengig og livet ditt blir øydelagd, er det ikkje så interessant om stoffet er "lett" eller "tungt", understrekar Mark Chapman.

LES OGSÅ: Rusavhengige hjelper kvarandre ut

Debatt
I kveld, torsdag, skal styreleiaren i Ungdom mot narkotika, Benedicte Wiik, og mellom anna Dag Endal, internasjonal programkoordinator i FORUT delta i ein debatt på Litteraturhuset i Oslo om korleis ein kan førebyggja ungt rusmisbruk.

– Kva er det viktigaste ein kan gjera for å førebyggja mot at fleire unge byrjar med narkotika?

– Generelt er jo tilgjenge det mest avgjerande for bruk av rusgifter. Når det gjeld narkotika er difor forbodet og arbeidet mot ulovleg import det viktigaste, seier Mark Chapman.

– Elles er mange faktorar avgjerande og det er når heile samfunnet frå familien, tilhøva til foreldra til rus, skule, gode rusfrie ungdomsmiljø, frivillige organisasjonar, kyrkje, idrett og offentlege organ, som politi, sosialetatar og liknande dreg i same retning at ein får veldig liten rekruttering til bruk av narkotika frå ungdom.

LES OGSÅ: Mest rusbruk utanfor dei store byane

Fleire lokallag
– For UMN er det å byggja opp gode rusfrie miljø, oppretthalda engasjementet til unge og den dominerande haldninga mot narkotika og gje gode førebilde i lokalmiljøet dei viktigaste bidraga me kan gje for å førebyggje narkotikabruk blant unge.

Meena Golabek, dagleg leiar i Ungdom mot narkotika, seier til Framtida.no at organisasjonen no er i vekst. I løpet av våren vil dei har starta sju til åtte nye lokallag rundt i landet.

– Interessa er kjempestor, og me får spørsmål om lag annankvar veke frå ungdom som vil starta lokallag, seier ho.