Lyden av Haugesund

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trur eg har høyrt oss ein gong på radio. Det var medan eg køyrde bil. Det var litt rart og eg skjønte ikkje heilt kva eg skulle føle, fortel Elsa Søllesvik, som utgjer eine halvdelen av den haugesundske duoen Elsa og Emilie.

Og for dei som lurte: Ho song ikkje med.

LES OGSÅ: Ikkje berre Frk. Fryd 

Unge popjenter
Den andre halvparten av duoen har aldri høyrt si eiga låt på radio, unnateke når dei sjølv har vore i studio.

– Eg høyrer ikkje så mykje på radio, forklarar Emilie Haaland Austrheim.

Hadde ho høyrt på P3 i desse dagar kunne ho nok ikkje unngått å høyre låta deira «Run».

Det er vinterferie og 17-åringane, som til vanleg går andreklasse på musikklina i Haugesund, har nytta tida godt. Dei har ikkje vore heime på over ei veke. Har fått medietrening. Nytta medietreninga på talkshowet til Lindmo. Og spelt på Bylarm. Det var kjekt, men ei lita hake er det:

– Me vert ikkje akkurat kasta ut når me har spelt, men me får ikkje kome inn på dei andre arrangementa, fortel Elsa.

Det er ikkje fritt for at dei gler seg til dei blir 18 seinare i år.

LES OGSÅ: Hot halling på Bylarm 

For dyrt med piano
Og det er ikkje det einaste gode jentene har i vente. Til hausten skal dei etter planen sleppe førsteplata. Den vert spelt inn i studio i Bergen, der dei har nytta helgene den siste tida. Det vert stadig fleire hotellovernattingar. Det er stas med hotellfrukost og dei byrjar nesten å verte proffe hotellgjester.

– Me er litt sjenerte, men det er berre å jobbe seg gjennom det å late som ein eig verda, seier Elsa.

Der Elsa kan verte nervøs når dei skal på scena, vert Emilie meir nervøs for intervju. På scena kjenner ho seg trygg.

Dei er etter kvart vorte ganske så scenevande. Som for mange andre byrja det med kulturskule og Ungdommens kulturmønstring – eller UKM.

Emilie song eit par år på kulturskulen, men har øvd mest på sitt eige rom. Seinare fekk ho venninna som øvingspartnar i kjellaren heime.

Elsa byrja å spele gitar på Kulturskulen i Kvinnherad då ho var ni år.

– Eg ville eigentleg spele piano. Men då måtte du ha eit eige piano og det vart litt dyrt om eg fann ut at eg ikkje ville likevel, forklarar Elsa, som i staden fekk ein gitar av foreldra.

Det synte seg å vere ei god investering.

LES OGSÅ: Moddi – den flygande strikkegenseren 

– Såg ikkje på publikum
Dei to møttest første gong då dei skulle byrje i same klasse på ungdomsskulen i Haugesund. Etter kvart fann dei ut at begge dreiv med musikk og vart betre kjent gjennom det.

Første gong dei stod på scena saman var på UKM med Sting-låta «Fields of gold».

– Eg såg ikkje på publikum, minnast Elsa.

– Og eg hadde noter, seier Emilie.

Den gongen var det berre Emilie som song, men no stemmer òg Elsa i.

I tillegg har jentene fått bandforsterking, med mellom anna eigen gitarist.

Lyden har vorte større og fått det som nokon skildrar som ein isete, mørk, nordisk pop.

Som inspirasjonskjelde nemner dei mellom anna Susanne Sundfør. Noko som kanskje ikkje er så rart, sidan ho er frå same byen.

Kanskje er det lyden av Haugesund, meir enn ein nordisk stil.

Sju publikummarar
– Du syng reint, men har problem med å hugse tekstar, seier Elsa til Emilie, som ganske riktig hadde litt problem med å hugse tekstar i starten.

For Elsa er det gjerne motsett.

Å hugse tekst vert naturleg nok lettare når det er dine eigne låtar, som du har jobba mykje med.

Dessutan er Emilie meir skjerpa på scena enn under øving.

Kvar dei har spelt for mest publikummarar er dei litt uvisse på. Men dei har ikkje problem med å hugse den gongen dei spelte for færrast.

Det var på eit arrangement kalla Åpen sone i Haugesund. På ein malplassert utescene stod to fjorten år gamle jenter og spelte for sju publikummarar. Nokre tasta på telefonen. Men den gong var dei ikkje vant med så mykje merksemd og venta seg nesten ikkje fleire. Dei andre artistane hadde dessutan berre tre-fire publikummarar.

Dei dagane er no over. No gler dei seg til å gje ut album, å spele konsertar og få respons på det dei gjer. Først skal dei fullføre vidaregåande, etterpå er dei ikkje heilt sikre på kva som skjer.

Og jentene medgjev det. At det er ein litt spesiell situasjon å planlegge framover saman. Kanskje vert det eit friår etter vidaregåande og dei har enno ikkje bestemt seg for kvar dei vil bu.

– Kunne de budd saman, eller hadde det blitt litt mykje?

– Eg trur det kunne blitt litt mykje, seier Emilie forsiktig.

For det hender at dei kranglar, når den eine har vore for lenge på hotellbadet.