Luke 18: N-ordet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2013 tok Språkrådet og Universitetet i Oslo eit ryddesjau i Nynorskordboka for å fjerna gamaldagse og politisk ukorrekte ord.

Planten negerhirse, heiter i dag perlehirse. Og ordet negerarbeid finnast heller ikkje i ordboka lenger. (Her er det lov å løfte både eitt og to augnebryn over at dette i det heile teke har vore eit innslag i ei norsk ordbok.)

Ei undersøking frå Språkrådet viser likevel at dei færraste nordmenn har ordet «neger» i daglegtalen sin i dag. Men slik har det ikkje alltid vore. På åttitalet var det ingen som reagerte negativt på at Pippi Langstrømpe omtala far sin som «negerkonge».

Men kvar kjem eigentleg ordet eigentleg frå?

Det norske ordet neger kjem via tysk frå det same franske ordet, som igjen er lånt frå spansk eller portugisisk negro, som betyr svart.

Det franske ordet nègre har òg funne vegen over Atlanterhavet, men i den tidlegare franske kolonien Haiti har ordet fått ei anna tyding. Det haitiske ordet nèg betyr ganske enkelt mann.

Det same gjeld det haitiske ordet blan, som kjem av fransk blanc. I Frankrike tyder ordet kvit, medan den haitiske versjonen berre betyr utlending, utan omsyn til hudfarge.

Kjelde: Alkunne