Løland-stipendet til Belsvik

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Får Løland- stipendet

Rune Belsvik (56) debuterte i 1979 med ungdomsromanen Ingen drittunge lengjer. Sidan har han skrive over tjue bøker for born og ungdom, nokre bøker for vaksne og har i tillegg skrive fleire skodespel med suksess på norske teater.

I 2000 vart han tildelt Brageprisen, og Kulturdepartementet sin litteraturpris for barnebøkene om Dustefjerten.

Belsvik er fødd i Haugesund og vaks opp på Stord. I dag bur han i Randesund i Kristiansand.

– Belsvik er ein uredd forfattar som har hausta lovord og skapt debatt. Det er i god Løland-ånd, seier Stig Beite Løken i ei pressemelding.

Det er det litterære rådet til Norske barne- og ungdomsbokforfattere som innstiller stipendvinnaren, og skriv i grunngjevinga si:

« Belsvik er ein produktiv forfattar med ei særmerkt forfattarrøst, og han har eit orginalt univers å by på. At han er ein uredd og kompromisslaus forfattar viste han mellom anna med barneboka Tjuven i 2009, som vekte stor debatt, harme men òg rosande røyster. Belsvik er med andre ord ein godt etablert forfattar».

Rasmus Løland var ein fornyar av den norske barnelitteraturen, og forfatterstipendet i namna hans blir delt ut til ein forfattar som har skrive barne- eller ungdomsbøker. Løland-stipendet vart delt ut første gongen i 2007. Stipendet på 100.000 kroner skal bidra til at forfattaren kan prioritera skrivinga.

Litteraturstipend til Ingrid Z. Aanestad
Ingrid Z. Aanestad frå Klepp (29) får Rogaland fylkeskommune sitt litteraturstipend på 100.000 kroner for 2012.

Aanestad debuterte i 2006 med romanen I dag er ein fin dag og har sidan gjeve ut to romanar. Den stillferdige prosaen til Aanestad blir kjenneteikna av underliggande spenningar og rolege flater av handling, som av og til blir til fortetta dramatiske punkt.

Det er det litterære rådet i Den norske forfatterforening som er jury, og skriv blant anna i grunngjevinga si:

«Ingrid Z. Aanestad er ei fin og særmerkt prosarøyst som det skal bli interessant å følgje vidare»

Litteraturstipendet skal gå til unge og uetablerte forfattarar, og kan delast ut til personar frå Rogaland eller personar busett i Rogaland. Stipendet vart utdelt første gongen i 1995.