Lokalt tiggeforbod i år – nasjonalt neste år

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lokalt tiggeforbod i år

Høgre, Framstegspartiet og Sp er einige om at det allereie i sommar skal bli opp til kvar enkelt kommune å forby tigging gjennom politivedtektene. Samtidig ber dei regjeringa fremje ein proposisjon til Stortinget om eit nasjonalt forbod som skal setjast i verk innan neste sommar.

Sp skildrar semja som eit greitt kompromiss.

– Senterpartiet har heile tida meint at tigging er eit nasjonalt og ikkje eit lokalt problem. Når vi i dag er med på å støtte Frp og Høgre i at heile kommunar kan definerast som tiggefrie soner allereie i sommar, er det eit greitt kompromiss – og ein måte å oppnå eit nasjonalt forbod på, seier justispolitisk talskvinne i partiet Jenny Klinge til NTB.

– Sp lèt seg bruke

Støttepartia til regjeringa,Venstre og Kristeleg Folkeparti, er sterkt imot å forby tigging. Regjeringa si affære med sentrumskameraten Sp overraskar ingen av dei, ettersom eit tiggeforbod var nedfelt i regjeringserklæringa. Men verken Venstre eller KrF legg fingrane imellom når dei karakteriserer resultatet av den nye alliansen.

– Eg synest det er oppsiktsvekkjande at Senterpartiet lèt seg bruke for å gi regjeringa fleirtal for eit kommunalt forbod. Vi er sentrumskameratar, og eg hadde trudd dei ville leggje seg på ei anna linje, seier KrFs Kjell Ingolf Ropstad.

– Skammeleg usosialt

Skammeleg usosialt er dommen frå Venstre over fleirtalet.

– Venstre har lita tru på quick fix-løysingar for å løyse problem med tigging og fattigdom. Ein må kjempe mot sosial nød og fattigdom, men det gjer vi ikkje ved å forby tigging, seier Venstres justispolitiske talskvinne, Iselin Nybø, i ei pressemelding.

Ho seier partiet fryktar at ein «uverdig og hard debatt» i kommunestyra vil forverre situasjonen for romfolk, fattige og folk på gata.

Venstre er også skuffa over Sp, men Klinge tek kritikken med ro.

– I 99 prosent av sakene elles så er det dei som sel seg ut av sentrum, ikkje vi, seier ho.

Treng tid

Frps partiprogram går inn for eit nasjonalt tiggeforbod, og også Høgre er no altså klare på at dei ønskjer forbod over heile landet. Så kvifor gå omvegen ved å gi kommunane lokalt sjølvstyre i berre eitt år?

– Vi kan ikkje hastebehandle lover i Noreg, dei krev grundige forarbeid, seier Høgres Peter Christian Frølich, som sit i justiskomiteen, til NTB.

KrF skildrar kompromisset som symbolpolitikk.

– Dette verkar som eit hastetiltak for å vise at ein er hard mot tiggarar. For det vil ikkje løyse problemet. Dersom vi er einige om at problemet er fattigdom, så er ikkje dette løysinga, seier Ropstad til NTB.

Omstridt spørsmål

Det nye trekløveret av regjeringa og Sp er forutan tiggeforbod einige om å be regjeringa innføre målretta sosiale tiltak for tiggarar. Om slike tiltak også skal omfatte tilreisande tiggarar, er uklart. Samtidig ber dei tre partia regjeringa om å undersøkje om EØS-middel kan brukast til å betre økonomiske og sosiale kår for dei fattigaste.

Spørsmålet om tiggeforbod er omstridt. Fleire høyringsinstansar har motsett seg eit forbod, blant anna Advokatforeningen, Frelsesarmeen og Kirkens Bymisjon. Politidirektoratet ønskte eit nasjonalt forbod.

– Oslo politidistrikt er svært tilfreds med at det no er eit politisk fleirtal for å forby tigging nasjonalt, erklærer politimeister Hans Petter Sjøvold på Twitter. (©NPK)