– Livsfarleg klimapolitikk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag la regjeringa fram statsbudsjettet sitt for 2016.

Sjølv om Noreg har forplikta seg til å kutta 40 prosent av utsleppa våre frå 1990-nivå innan 2030, skriv regjeringa i nasjonalbudsjettet at Noreg skal ha auka klimagassutsleppa med over 1 million tonn CO2 i 2020, og enno sleppa ut 52,5 millionar tonn i 2030.

– Noregs klimapolitikk er flau, hyklersk og livsfarleg, seier Lage Nøst, nasjonal talsperson for Grøn Ungdom.

– Det er ein trist dag for klimaet når regjeringa avlyser klimamåla for 2020, seier AUF-leiar Mani Hussaini.

– Dette er på ingen måte det budsjettet me treng i år, og det er pinleg at ein legg enno opp til utsleppsvekst fram mot 2020 . Dette er meir ord enn klimahandling, regjeringa har lagt ambisjonane om å ta oss til nullutsleppsamfunnet på is, seier leiar i Natur og Ungdom, Arnstein Vestre.

LES OGSÅ:Fafo: – Me treng ein meir radikal politikk

– Stinkar av asfalt
I budsjettet foreslår regjeringa å redusera løyvingane til jernbane med 1 prosent. Vedlikehald får eit løft på 1,1 milliardar, medan investering i jernbane minkar. Løyvingar til veg aukar med 18,5 prosent.

– Budsjettet stinkar av asfalt. Vedlikehald av jernbane får eit viktig løft, men med så mye ny natur som skal asfalterast sporar jernbanesatsinga av, seier Arnstein Vestre.

Han møtte leiaren av Venstre i dag tidleg. Partiet meiner statsbudsjettet gjer at det grøne skiftet går for sakte. Venstre vil ha ei sterkare satsing på offentleg transport og sykkel.

LES OGSÅ: Klimaendringar – kva betyr det?

Arktisk olje
Natur og ungdom reagerer òg på at petroleumsforsking får 400 millionar, ein auke på 107 millionar frå 2015 . Statleg innsamling av seismikk får 175 millionar, ein auke på over 100 millionar frå 2015.

– 115 millionar kroner går til seimikkskyting i Barentshavet, ein aktivitet som har alvorlege konsekvensar for det sårbare økosystemet i dei nordlegaste havområda våre. Det blir forska meir på fornybar energi, men dei store pengane går til meir oljeforsking, og meir oljeleting i sårbare havområde i nord. Denne typen Ole Brumm-mentalitet dug ikkje! Dette er eit budsjett som framleis renn av arktisk olje, seier Vestre.

LES OGSÅ:Oljenedgang gir høve for grønt ferjeløft

Klimabistand på staden kvil
Fattige land blir allereie ramma av klimaendringane, difor har Natur og Ungdom kravd at 1 prosent av statsbudsjettet må setjast av til klimabistand. Regjeringa held klimabistandspengane på dagens nivå, og gjev 400 millionar til FN sitt klimafond i 2016.

– Noreg har pumpa olje og bidrege til klimaendringar i 45 år, og no blir folk drive på flukt av dei. Det er pinleg at regjeringa ikkje vil gjera meir for å hjelpa klimaflyktningane, seier Vestre.

– Sett i lys av det historiske ansvara vårt og storleiken på oljeformuen, er forslaget til regjeringa eit musepiss i havet. Sverige har lova fire milliardar, og utklassar oss. Det er flautt, seier Lage Nøst i Grøn Ungdom.

Grøn Ungdom krev at Noreg skal lova ein klimaprosent av BNI til klimatiltak i utviklingsland, tilsvarande 30 milliardar kroner årleg.

LES ALT OM STATSBUDSJETTET HER!