Livreddande refleksvott gav NM-gull

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg finn ikkje ord! Det vert så moro å fortelja mamma, alle som har hjelpt oss på vegen og heile Finnmark om dette. Me er så enormt stolte av å vera med å redda liv, seier Solveig Ittelin, dagleg leiar i Flex UB.

Sigeren i NM i ungdomsbedrifter betyr EM-billett til Tallin i juli. Der skal Ittelin saman med gründerkollegane sine Aina Erikstad, Vårin Vaskinn og Kaja Seim Vorren representera Noreg i konkurransen mot dei beste ungdomsbedriftene i Europa.

– Eg er så utruleg glad og veldig stolt! Jentene har gjort ein fantastisk jobb. Det bur så mykje bra i ungdomane våre og desse elevane er fantastiske ambassadørar for Finnmark, seier Hilde Mietinen, dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap Finnmark.

– Godt samarbeid
Prisen vart delt ut av kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen på NM for Ungdomsbedrifter på Lillestrøm.

– Ungt Entreprenørskap er eit godt eksempel på korleis utdanningssystemet, det private næringslivet og offentlege institusjonar kan jobba saman. For me treng ein skule som dyrkar frem idear,  som slepp dei idérike fram og som gir framtidas gründarar høve til å lukkast, seier kunnskapsminister Røe Isaksen.

LES OGSÅ: Daudmannsknapp gav NM-siger

Treng entreprenørskap i nord
I februar stod Ungt Entreprenørskap Finnmark i fare for å mista store dele av den fylkeskommunale delen av finansieringa, men i siste liten sikra politikarane enno drift.

– Eg vil rosa politikarane – både på fylkesnivå og i kommunane hos oss. Det vert satsa på entreprenørskap og det gjev kvalitet i arbeidet på skulane. Me treng meir entreprenørskap i nord, seier Hilde Mietinen, dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap.

Det har vore 12.000 elevar som har drive Ungdomsbedrift dette skuleåret. Elevane startar, driv og til slutt avviklar sine eigne føretak med lærer som rettleier og mentor frå arbeids- og næringsliv.