– Livet på bygda er ingen einskap

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jostedalsrypa er ei segn, fleire filmar, eit kulturhistorisk referansepunkt og bloggen til Eli Bjørhusdal.

– Det var litt rart, og berre flaks at ingen hadde take Jostedalsrypa som bloggnamn tidlegare, seier Eli. Som byrja bloggen i 2006, då ho var i permisjon.

Segna
– Er det sjølvaste Jostedalsrypa? Det får ein høyre ganske jamt, når ein er dame og høyrer til i Jostedalen. Men segna er jo viktig. Mange veit jo om Jostedalen på grunn av den, og det er eit referansepunkt i norsk kulturhistorie, forklarer Elin.

Segna om Jostedalsrypa er den mest kjende segna frå Svartedauden i Noreg. Det fortel at alle i dalen, bortsett frå ei lita jente, døydde av pesten. Ho vart funne av folk frå andre sida av fjellet, vaks opp der og vart kalla Jostedalsrypa. Seinare vart ho gift, og fløtte attende til Jostedalen.  

August og september
– Ein blogg er jo fyrst og fremst ein publiseringsplass. Mykje av det eg legg ut, er tekst som er publisert andre stader, forklarer Eli.

På bloggen kan ein lese den faste spalta hennar i Nationen, sjå nokre bilete frå Jostedalen og få med seg månadens dikt.

– Månadens dikt har som bærande idé at diktet nemner månaden. Det har jo vore ei utfordring kvar månad gjennom fire år, men det er ein fin måte å få lese lyrikk på, forklarer Eli. I september kunne ein lese Tid å hauste inn, av Olav H. Hauge.

Noko å melde
Eli er trur bloggen på ein eller annan måte har vorte etablert. Kanskje fordi ho har vore eit skrivande menneske, som har vore i spalteformatet i 10 år. I Klassekampen, Bergens Tidende, og no i Nationen.

– Det gjeld jo å skrive om det vi har felles. Så det vart nok litt meir feminisme i Klassekampen, og i Nationen vert det meir distriktsutvikling, som elles ikkje er den heitaste av debattane, fortel Eli.

Det hender det å svare på kommentarar går litt utover arbeidsdagen. Men det meiner Eli er ein pris ein lyt betale. Og at ein må vera villeg til å ta diskusjonen, når ein stikk seg fram og meiner noko.

– Ein kan jo spørje om det er vits å ha ein blogg, men det er jo ein vits, for eg har jo noko å melde, seier Eli.

Utkant i utkantkommune
Blogg frå bygda er undertittel, men dette er ingen ”Det gode livet på landet-blogg”

– Livet på landet er ikkje ein einskap. Livet på landet er ikkje betre enn livet i byen. Det kjem an på bygda, og det er mest av alt kanskje ikkje så forskjellig frå livet i byen. Det er jobb og ungar, og så handlar det om å gjere resten av timane så intellektuelle, politiske og stimulerande som ein kan, seier Eli. Som utdjupar at det er viktigare å omgåast folk ein kan lære noko av, enn det er å gå på kino.

– For meg er det viktig å skrive om å bu i eit samfunn som fort kunne vorte marginalisert, om korleis vi klarer oss. Jostedalen er ei bygd med 400 innbyggjarar, i Luster med 5000. Vi er ein utkant i ei utkantkommune, forklarer Eli.

Realitetsorientering
 – Eg trur det kunne vore eit bra blogg-konsept å gå endå djupare inn i mytane. Realitetsorientere litt. Til dømes myta om at livet på bygda er kjedeleg, men det kan jo vera like kjedeleg i ein vennegjeng i Oslo. Eller myta om at små tenestetilbod automatisk har dårlegare kvalitet, men slik er det jo ikkje, seier Eli ivrig om nye blogg-mogelegheiter.

Ho set pris på høvet til å formulere seg uredigert på nett, og meiner det er viktig. Trass 22. juli.

– Det verste eg har lese, dei verste meiningane, heilt uredigert og subjektivt. Dei har eg lese på internett. Likevel meiner eg at det at folk kan ytre seg uredigert på nettet er ein positiv ting, avsluttar bloggaren frå Jostedalen.