Livet i eit ørnereir på reality-tv

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Følg ørnelivet live

Fleire større medium satsar no på direktesendt dyre-tv. Inspirasjonen kjem frå England, der BBC2 har sendt direkte dyreliv i beste sendetid i fleire år.

– Sendingane til BBC har vore ein suksess, og vi ser allereie no at mange følgjer livet til ørnene og hegrane minutt for minutt. Det er ei stor interesse for sakte-tv her i landet, som vi vil utvikle vidare, seier utviklingsdirektør Trygve Sørvaag i mediehuset ABC Startsiden i ei pressemelding.

I havørnreiret på Smøla er ruginga godt i gang, og rundt månadsskiftet april/mai vert egga klekte. Eit godt skjult kamera får med seg kvart einaste minutt gjennom heile hekkesesongen. Her kan du følgja fuglane direkte.

– Direktesendingar på nett er med på å gjere naturen tilgjengeleg for folk uansett kvar dei oppheld seg. Tettare på naturen enn dette, kjem dei fleste av oss ikkje, seier Sørvaag.

LES OGSÅ: Sakte-tv er årets ord

Fugl og sau i mange kanalar
På regionalt nivå har Namdalsavisa gjort det til tradisjon å dekke livet i eit tjeldreir. Ørnereiret på Smøla byrja lokalavisa Tidens Krav å sende frå allereie i fjor.

NRK har fleire prosjekt på gang. I juni blir det stor satsing på å dekke livet på Hornøya fuglefjell utanfor Vardø, der ein skal følgje hekkinga til lundefugl, krykkje og andre sjøfuglarter. Sendinga skal gå både på tv og nett.

For tida sender nettsida til NRK Rogaland direkte frå lamminga i eit fjøs på Randaberg. 120 sauer set minst 200 lam til verda medan kamera går. (©NPK)

LES OGSÅ: Ørn mobba kråke