Liv Signe fascinerer

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sjølv om vi har ein spesiell kontakt, er det ikkje slik at ho veit 100 prosent kva vi driv med. Vi ringer henne ikkje heile tida, seier Gro Starheimseter og Marit Breistøl, kommunestyrerepresentantar for Senterpartiet i Lærdal – om kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete frå heimkommunen.

– Nokre gonger er det faktisk lettare å få tak i henne enn det er å få tak i ordførar Jan Geir Solheim. Men det er utelukkande fordi han er engasjert i så mykje altså, seier Breistøl. Ved valet i fjor haust rykka ho frå ein åttandeplass på lista og inn i kommunestyret. Gro Starheimseter har tidligare vore leiar i lokallaget og var nominert som nummer to. Begge likar livet i lokalpolitikken, med bratt læringskurve og små og store kampar.

På butikken
– Liv Signe er eit godt politisk førebilete, fordi ho er så ærleg og jordnær. Ein ordentleg person med ekte karisma, seier Senterparti-damene. Dei meiner nokre andre politikarar kan framstå som meir arrogante, eller at det i alle fall er mindre sannsynleg å møte statsminister Jest Stoltenberg på butikken.

For ting kan vera annleis i ei kommune med litt over 2000 innbyggjarar. Frå fridom og humor på kommunestyremøta, til diskusjonar om skulestrukturen ein vil halde på, eller kring habilitetsspørsmål som kan kome opp.

LES OGSÅ: Eldsjelar viktigast for vekst

Bratt læringskurve
– Eg har lært at ein plass i kommunestyret ikkje er det same som faktisk makt, for ein må heve seg og gjere det bra i debattane, seier Breistøl.

– Så kan det vera ei utfordring å få bodskapen ut og klare å verte referert i avisa, legg Starheimseter til.

Dei føler tilværet i kommunestyret har vore ei bratt læringskurve. Ikkje minst fordi dei kom inn på eit vanskeleg tidspunkt med harde økonomiske tider. Likevel held dei fokus på moglegheitene i heimkommunen, mellom anna med tanke på tilflytting.

Attende til landskap og natur
– Klart vi ser potensialet i Lærdal! Det er jo veldig fint å bu her og det må fleire verte merksame på. Vi drøymer til dømes om å få til prøvebustadar, seier damene.

Dei har tru på nye arbeidsplassar i heimkommunen og bremsing av flyttestraumane mot byane. Mellom anna på grunn av norsk matproduksjon.

– Eg trur vi kjem til å få ein trend der folk vil attende til landskap og natur. Med ny teknologi treng ein ikkje sitje i Oslo med jobben heller, seier Breistøl.

Vegen vidare
Med to unge Senterparti-politikarar frå Lærdal vert eit naturleg spørsmål om målet er å fylgje fotspora åt Liv Signe Navarsete inn i rikspolitikken.

– Eg sit både i formannskapet og er vara til fylkestinget i Sogn og Fjordane, så no kjenner eg at det er litt nok. Men ting kan jo verte annleis på lang sikt, seier Starheimseter.

For Breistøl verkar ei politisk karriere som noko som krev meir enn det vil gje. Men begge tek ting som dei kjem. Kva som er viktig nett no er dei og samde om:

– Vi er med å forme framtida for heimbygda vår og får gjera ein forskjell her vi bur –  det er så flott, avsluttar Starheimseter og Breistøl.  

LES OGSÅ: Skandalar verst for kvinnelege politikarar