Litteraturdagar som planlagd

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ikkje hindra av flom i Flåm

Arrangementet starta i dag, og då presseansvarleg Haakon Skjerdal var på telefonen hadde allereie skulearrangementa gått nesten som planlagd.

Forfattarane Laura Djupvik, Magnhild Bruheim og Brynjulf Jung Tjønn møtte skuleelevane, medan Lisbeth Dreyer var i barnehagen. Grunna flaumen er Flam Skule stengd og delvis skadd – i staden samla alle elevane seg på Aurland Barne- og ungdomsskule.

LES OGSÅ: Sarkasmedronninga som målbind nett-trolla

Eit lyspunkt
Vêret har herja kraftig i Flåm og Aurland dei siste dagane. Fleire har mista heimen, og det var først i går fleire fekk klarsignal om at det var trygt å flytta heim. Skjerdal, som sjølv sit i kriseleiinga i Aurland kommune, har hatt nokre travle dagar.

Han fortel at det ikkje var nokon sjølvfølgje at Nynorske litteraturdagar gjekk som planlagd.

– Me i festivalleiinga diskuterte kva me skulle gjera. Mykje var allereie på veg – bøker frå forlaga, mellom anna. Me hadde eit musikalsk bestillingsverk dei øvde på i Oslo – det var i det heile mykje som tala for at me måtte gjennomføra, seier Haakon Skjerdal.

LES OGSÅ: Gjev støtte til Nynorskbyen Førde

– Men dette er frykteleg tragisk. Fleire hus er vekke, mange har mista heimen sin. Me tenkte at det som er tragisk blir ikkje betre av å avlysa ein festival, legg han til for å forklara kvifor Nynorske litteraturdagar går som planlagd.

No håpar han festivalen kan fungera som eit samlingspunkt for to bygder som er hardt råka av naturen dei siste dagane. Men Skjerdal trur flaumen vil påverka besøkstala negativt.

Alt går difor som planlagd, utanom foredraget med Jan Otto Johansen. Johansen har blitt sjuk, og blir erstatta av Frank Aarebrot.

I tillegg blir elevinitiativet Open Dag på Sogn Jord- og Hagebruksskule gjennomført etter planen, melder Sogn Avis.

LES OGSÅ: Venstre løftar nynorsken i Statsbudsjettet