– Lite tilpassa innvandrarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Det er ein av konklusjonane forskarane Grete Netteland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og Carol Azungi Dralega, forskar ved Vestlandsforsking har etter arbeid med «Mot eit multikulturelt Sogn og Fjordane».

 –Innvandrarfrie  
Her har dei sett på korleis offentleg sektor, gjennom digital informasjon og arbeidsintegrasjon kan bidra til integrering av innvandrarar i fylket.  

Arbeida deira innebar mellom anna intervju med 17 personar: busette flyktningar, arbeidsinnvandrarar og personar som har kome til landet via familiegjenforeining.  

I rapporten skriv forskarane at offentlege nettsider i Sogn og Fjordane er så godt som innvandrarfrie soner. Skal Kommune-Noreg nå fram til innvandrarane med digital informasjon, trengst det nasjonal koordinering og meir brukarinvolvering, meiner forskarane.

 – Nettsidene er lite tilrettelagde for innvandrarar, dei er nok ikkje tenk på som målgruppe for kommunar og det offentlege, seier Netteland.

LES OGSÅ: Gode erfaringar med nynorsk for innvandrarar 

Tungt språk  
–Det som finst av nettsider av informasjon på engelsk og kanskje eit anna framandspråk er retta mot turistar, seier Azungi Dralega.  

– Nokre sider har linkar til nasjonal informasjon, men dei me har snakka med synest det er vanskeleg å finna lokal forankring i informasjonen, seier Netteland.  Forskarane nemner helsetenester, arbeidsmoglegheiter, skule, barnehage som særleg viktige for dei som er ferske i Noreg.

Les saka i Sogn Avis!