Listhaug reagerer på pelsdyrdokumentar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Reagerer på pelsdokumentar

– I filmen blir det vist fleire alvorlege brot på dyrevelferdsregelverket. Dette er uakseptabelt. Filmen viser også uakseptable haldningar og manglande respekt for dyr og regelverk, seier Listhaug til NTB.

LES OGSÅ: No er det vinn eller forsvinn for norsk pelsdyrnæring

Inn på pelsen
Statsråden seier det er bra at kritikkverdige forhold blir avdekt, og at det i filmen kjem fram forhold som ho vil ta opp med Norges Pelsdyralslag og Mattilsynet.

– Eg vil ta initiativ til møter med begge med det første. Måndag 15. desember kjem innstillinga frå det offentlege utvalet som i over eitt år har gjennomgått dei fleste forhold knytt til pelsdyrhald, både nasjonalt og internasjonalt. Innstillinga og høyringsinnspela til denne, vil danne eit godt grunnlag for ein faktabasert diskusjon om pelsdyrnæringa og framtida, seier Listhaug. (©NPK)

LES OGSÅ: Rekordmange nye pelsoppdrettarar