«Lilyhammer» gjer nynorskhuer populære

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Lilyhammer» gjev nynorsk-boom

– Eg spurte meg kvar dei hadde fått den hua frå. For meg var det eigentleg morosamt, seier Yves Guhl til bt.no.

Avisa skriv at reklamedesignaren kom til Osterøy frå Berlin for fem år sidan. Han kom raskt på slagordet «I love NY-norsk», med idé frå t-skjorter han såg i Berlin. Slagordet har vore å sjå på hua til skodespelar Steven Van Zandt i NRK-serien «Lilyhammer».

Guhl har patent på slagordet og har selt t-skjorter via nettet dei siste tre åra. Før serien gjekk det berre i t-skjorter, men no har Guhl opna for huesal òg. Etter «Lilyhammer» fekk han e-postar av folk som lurte på om dei kunne kjøpe hua hos han.

– Eg hadde nesten bestemt meg for å slutta med heile greia. Men så kom folk og sende mail og sa «hua, hua, hua!», og eg sa ok – eg kan gjera det, seier Guhl til avisa.

Den første hueproduksjonen på femti eksemplar, er allereie utseld. (©NPK)