Liksom-nynorsk og språklege rettar

Øystein A. Vangsnes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sist veke verserte ei pinleg – og smått komisk – NTNU-sak i media. Folk rista på hovudet og humra over tulle-nynorsken i eksamensoppgåva frå Gjøvik. NTNU-administrasjonen la set klokeleg flat, skulda på rutinesvikt og hevda at episoden ikkje har noko med kunnskapsmangel i organisasjonen å gjere. Vi kan derfor håpe at dette var ei uheldig enkelthending.  

3. juni kjem så professor i informatikk ved Høgskolen i Molde og UiB, Kai A. Olsen, med eit innlegg i UA der han skriv: «Det som virkelig er tullete, er kravet om at eksamensoppgaver skal tilbys på bokmål og nynorsk.» Når Olsen lagar eksamensoppgåver, produserer han sjølv det han kallar «liksom-nynorsk» ved hjelp av rette- og omsettingsprogram. Resultatet meiner han er greitt nok, så lenge ingen protesterer. Den viktigaste bodskapen frå Olsen er likevel at faglærar burde få bestemme kva for eine målform ei eksamensoppgåve skal liggje føre på.

Den praksisen som Kai A. Olsen karakteriserer som tullete, er forankra i offisiell norsk språkpolitikk, stadfesta gjennom stortingsmelding nr. 35 Mål og meining – Ein heilskapleg norsk språk språkpolitikk frå 2008, som eit samla Storting stilte seg bak. Eit viktig prinsipp her er at språkrettane følgjer språkbrukarane, anten det er borgaren som vender seg til staten eller ein student som skal ha eksamen. Det Olsen oppfattar som ein tullete byråkratisk regel, er der altså fordi ansvarlege norske politikarar har sett korleis ordninga inngår i eit større bilete der omsynet til språkbrukarane veg tyngre enn omsynet til byråkratar og faglærarar ved universitet og høgskular.

Olsen gir funksjonelle argument for at eksamensoppgåver berre treng liggje føre på éi målform. Alle studentar forstår uansett både bokmål og nynorsk, skriv han, så det spelar inga rolle kva målform som blir brukt, og så unngår ein at eksamenssetta blir innhaldsmessig ulike. Dersom den språklege jamstillinga i Noreg var reell, ville Olsens forslag vere greitt. Men sjølv om alle elevar i prinsippet skal meistre begge målformer når dei går ut av vidaregåande skule, har mange bokmålselevar lågt meistringsnivå i nynorsk. Vi som arbeider med lærar- og lektorutdanning, ser at til og med framtidige norsklærarar har mangelfulle nynorskkunnskapar. Dermed er det grunn til å tru at reaksjonane ville bli sterke dersom ein faglærar – t.d. i informatikk – valde å late eit heilt kull med studentar få eksamen på nynorsk. Det er nemleg slik at også bokmålsbrukarar ønskjer – og har krav på – eit språk dei meistrar godt.

Presset mot unge nynorskbrukarar er stort. I overgangen mellom kvart skuleslag byter mange frå nynorsk til bokmål, og svært mange gjer det fordi dei kjem til miljø der bokmålet dominerer. Det er særleg utfordrande å vere nynorskbrukar som student i høgare utdanning, kanskje spesielt innanfor teknologiske emne som informatikk og ingeniørfag.

Både Olsens «liksom-nynorsk» og NTNUs «tulle-nynorsk» undergrev dei språklege rettane til studentane. I dag er det ein realitet at mange nynorskbrukarar – kloke av skade – ikkje vågar stole på at eksamensoppgåvene er formulerte på ein fagleg forsvarleg måte. Sjølv om NTNU hevdar å ha den nødvendige språkkunnskapen, skortar det tydeligvis på distribusjonen av denne. Då er det ei mager trøyst at det ikkje nødvendigvis står betre til ved andre universitet. I Tromsø fekk ein nynorskbrukande student – også det i forrige veke – spørsmål frå studieadministrasjonen om det var greitt at ho fekk eksamensoppgåva på bokmål. Det er ikkje greitt. Det er både respektlaust og ulovleg, men det er dessverre ikkje uvanleg.

Olsen meiner det er unødvendig med eksamensoppgåver på begge målformer, og han inviterer til debatt om dette. Slik vi ser det, bør debatten først og fremst handle om korleis kravet best mogleg kan realiserast, og korleis ein kan auke språkkompetansen på institusjonane. Det at faglærarar og studiekonsulentar må arbeide med å sikre likelydande oppgåver på begge målformer, krev eit medvite forhold til språk. Maskinomsetjing og retteprogram kan vere nyttige hjelpemiddel – i lag med gode ordbøker. Men godt språk handlar om mykje meir enn det enkelte ordet, og skilnaden mellom bokmål og nynorsk er meir enn det som kan fangast opp av algoritmar. Her må det også språkkompetente menneske inn.

PS: Før vi let debatten gå vidare, er det på sin plass med ei omgrepspresisering: Vi har to norske målformer, men mange norske målføre. Det siste omgrepet er synonymt med dialekt. Når Olsen skriv at ein kunne tenkje seg «at faglærer leverte oppgaven på ett målføre, og så kunne studenten laste den opp i det målføret som var ønsket», får nok det ei anna tyding enn intensjonen var. Men det er jo ein alternativ måte å omgå problemet på …

Først publisert på Universitetsavisa.