Likestilling i sneglefart

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innlegget var først publisert hjå bloggkollektivet Maddam.

Før sommaren fekk me vite litt meir om kven dei er, dei som stiller til val i kommunestyra våre til hausten. I år er 42 prosent av kandidatane kvinner, ein oppgang på eit prosentpoeng sidan sist. Fleirtalet av kandidatane i alle parti, minus SV, er menn. Menn har hatt fleirtalet i tiår etter tiår. Framleis er 8 av 10 norske ordførarar menn.

Me ser altså ikkje ut til å ha blitt så veldig mykje meir mangfaldige i lokalpolitikken sidan førre val i 2011. Fortsett utviklinga for kvinner i same tempo (eit prosentpoeng kvart fjerde år), vil kvinner og menn vere likt representert i 2047. Det går i sneglefart.

Kvifor går det så sakte? Det handlar mellom anna om at kvinner ikkje slepp like lett til i nominasjonsprosessane som menn. Partia vel ofte ein mann i staden for ei kvinne, særleg på dei sikre plassane. Kvinner må jobbe ekstra hardt for å få ein posisjon. Ofte vinn middelaldrande menn utan minoritetsbakgrunn. Har ikkje partia ein bevisst strategi for mangfaldig rekruttering, noko mange av dei ikkje har, blir kommunestyra fort ein gjeng med veldig like folk.

Samtidig veit me at mange kvinner opplever at dei ikkje kan velje politikken. Dette er ikkje fordi dei ikkje er opptekne av politikk eller ikkje kunne tenkje seg å gjere ein innsats, men fordi det ikkje går opp med resten av livet deira. Etter å ha jobba i fleire valkamper med å finne folk som har lyst til å stå på liste, er mitt inntrykk at mange kvinner opplever at politikken ikkje alltid er tilpassa kvardagen og det ansvaret dei har i jobb og heime. I mange kommunar er møta på kveldane. Har ein barn, kan det vere vanskeleg å velje politikken over tida med familien på ettermiddagen dersom partneren ikkje stiller opp heime. Dette rammar foreldre av begge kjønn, men det er ingen tvil om at dette held fleire kvinner enn menn ute av politikken. Framleis gjer kvinner mykje meir husarbeid enn menn, og dei tar meir ansvar for å følgje opp barna. Det gir mindre fritid å bruke på andre ting, som politikk.

For åleineforsørgarar er det enno vanskelegare å gå inn i politikken, og dei fleste åleineforsørgarar er kvinner. Ikkje alle kommunar gir økonomisk stønad til barnepass. Dei få kronene ein tener på å sitje i kommunestyret forsvinn då fort ut igjen. Har ein ikkje eit stort nettverk av folk som kan hjelpe som barnevakt, blir det praktisk vanskeleg å få til.

For kvinner er dette urettferdig. For fellesskapet er det heller ikkje særleg bra. Når kvinner ikkje blir representert i lokalpolitikken, blir kommunane styrt av folk som i mindre grad er avhengige av nokre av kommunens viktigaste tenester, som barnehagar og helsestasjonar.  Avgjerdene rundt helsestasjonane vil bli betre, dersom nokre av dei som bestemmer bruker desse tilboda sjølv. Mangfaldige kommunestyre gir breiare erfaringar og eit betre utgangspunkt for å styre godt.

Saman kan me gjere mykje for å endre på dette allereie i haust. Susanne Kaluza, som var avgjerande for å stoppe forslaget om reservasjonsrett for legar, har no starta ein ny kampanje for å få fleire kvinner i kommunestyra. Me kan byrje ved å røyste på dei kvinnene som har valt å stille til val ved å gi dei eit ekstra kryss. Sannsynlegvis gir det betre politikk ut i den andre enden. Det kan også vere med på å presse fram endringar som gjer lokalpolitikken meir kvinnevenleg å delta i. Blir me mange nok, kan me få til mykje.

På lengre sikt bør me også vurdere å flytte kommunestyremøta og utvalsmøta til dagtid. Det ville koste pengar, men me bør ta diskusjonen i kvar kommune. Kommunalminister Jan Tore Sanner burde kunne ha øyremerka ein sum for å hjelpe kommunane med dette. Og alle kommunar burde ha ei barnepassordning for lokalpolitikarar.

Skal me få meir mangfald blant dei som bestemmer over skulane, barnehagane og lokalmiljøet vårt, må me vere viljuge til å ta nokre nye grep. Elles vil me måtte vente til me er i 2047 med å vere likestilte i kommunestyra. Det burde me ikkje ta oss tid til. Kryss heller #kvinnerinn!