Lever lengre i nynorskland

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Er bokmål rota til alt vondt? spør språkforskar Øystein A. Vangsnes ved Universitetet i Tromsø i ein bloggpost på Forskning.no. Her viser han at det er samanfall mellom levevilkår og kva som er offisiell språkform i kommune-Noreg. Han utelukkar ikkje at det kanskje også kan vera ein samanheng:

– Nynorsk støttar i større grad opp om einskildindivids språklege sjølvkjensle både ved å vera sosialt nøytralt og – for mange – ved å liggja nærmare talemålet. Med det støttar målforma også i større grad opp om individa si generelle sjølvkjensle. Og individ som har god sjølvkjensle, har det godt med seg sjølv og med andre, skriv han.

Færre på NAV
Vangsnes byggjer på Levekårsindeksen som siste gong blei publisert i 2008. Denne viser talet på uførepensjonistar, folk på attføringspengar, sosialhjelp og overgangsstønad, registrerte arbeidsledige, deltakarar på arbeidsmarknadstiltak og dødelegheit.

LES OGSÅ: – Ho er blitt lurt av Unge Høgre

Statistisk sentralbyrå slutta å publisera indeksen på grunn av enkelte metodisk svakheiter, som gjorde at det vanskeleg å skilja mellom kommunar som ikkje var blant dei dårlegaste eller dei beste.

VG Nett omtalar også i kveld kartet som Vangsnes har blogga om. Førsteamanuensis Jon P. Knudsen ved universitetet i Agder seier dette til VG Nett om ein mogleg årsakssamanheng:

– Samanhengen mellom målform og levekår virkar litt ideologisk i utgangspunktet. Eg synest samanfallet er spennande, men trur at det er årsaker som ligg bak som forklarar dette, seier han til avisa.

Døyr tidlegare med bokmål
Framtida.no har gått gjennom dei siste tala frå Folkehelseinstituttet om forventa levealder.

Desse viser at kvinner i nynorsk-kommunar i snitt lever 16,2 månader lengre enn sine medsystre i bokmåls- eller språknøytrale kommunar. Menn i nynorsk-kommunar lever 14,2 månader lengre enn snittet for dei andre kommunane.

Tal frå Kommunehelsa viser også at det er noko mindre mobbing i nynorskkommunar, og at bruken av antidepressiva, sovemedisin og antipsykotika er 12 prosent lågare i nynorske kommunar.

Knudsen vann
Når det gjeld dei som blir kalla nynorskens og bokmålets fedre, Ivar Aasen og Knud Knudsen var det svært liten forskjell i levealder. Begge levde lenge til 1800-talet å vera, men Knud Knudsen slo Ivar Aasen med 11 dagar meir i levande live.

QUIZ: Kva veit du om Ivar Aasen?

Trur du nynorsk er godt for folkehelsa?