Lekser og sidemål på landsmøtet

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil kutta lekser og sidemålskarakter

350 delegater frå heile landet deltar når AUF opnar sitt 53. landsmøte i dag, torsdag. Mellom sakene som AUF skal ta stilling til er 16-årig stemmerett, lekser i skolen, surrogati, sosial bustadbygging og kamp mot ekstremisme.

Berre to av dei tretten medlemmane i sentralstyret i AUF er mot å kutta ut eigen karakter i sidemål.

Avtroppande sentralstyremedlem Fredric Holen Bjørdal frå Ørsta understrekar at det er forskjell på nynorsk og bokmål, og at språka må behandlast ulikt.

LES OGSÅ: Vil starta med sidemål frå 2. trinn

– Vurdering viktig
Han åtvarar mot å slå saman karakterane i hovudmål og sidemål til éin karakter.

– Ein må hugsa på at elevar er interessert i å læra det ein blir vurdert, seier han.

– Ein kan ikkje fjerna alt som nokon synest er kjedeleg. Eg meiner det er veldig mykje som ein kan gjera med sidemålsundervisinga for å gjera den meir spennande, seier han.

Saman med Hilde Firman Fjellså, utgjer han mindretalet i sentralstyret som framleis vil ha eigen karakter i sidemål.

LES OGSÅ: Vil la 16-åringar stemma

Nei til lekser
Medan tusenvis av elevar streikar mot lekser denne veka, skal AUF diskutera om ein bør ha lekser eller ikkje når landsmøtet deira opnar i Oslo i dag, torsdag.

Ifølgje Fredric Holen Bjørdal er sentralstyret delt på midten i denne saka. Sjølv meiner han at om heildagsskulen blir innført, så bør ein òg kutta ut leksene.

– Eg er prinsipielt for at mest mogleg av skulearbeidet skal gjerast i klasserommet. Når ein kjem heim, har elevane heilt ulike føresetnader sidan ein har forskjellige foreldre. Ein får betre kvalitet om ein blir følgt opp i klasserommet, seier Bjørdal, og legg til:

– Det skal sjølvsagt ikkje vera noko forbod mot å gjera lekser heime, og ein kan gjera individuelle tilpassingar, men etter mi meining skal ein ha fri når ein kjem heim.

Følg landsmøtet på nettTV:

Kva meiner du? Bør ein framleis få eigen karakter i sidemål og lekser på skulen?