Legen erklærte Rune (37) død

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var i januar 2013 klokka 05.00. Rune Alsaker fekk hjartestans i heimen sin. Til alt hell var broren hans Eyvind Alsaker til stades. Han fekk starta med kompresjonar og ringt AMK. Ambulansepersonell og lege kom til staden og gav hjarte-lunge-redning. Etter rundt 40 minutt med livreddande hjelp tok legen ei avgjerd om å avslutta hjarte-lunge-redninga. Legen meinte at Rune Alsaker var død.

– Helikopteret hang jo nesten over huset mitt. Likevel blei det sendt bort, seier Rune Alsaker, som først ein time seinare blei frakta til Stord sjukehus og så vidare til Haukeland universitetssjukehus.

LES OGSÅ: Svenske sms-ar reddar liv

To rundar
Helse Fonna HF varsla Fylkesmannen i Hordaland om hendinga. I første omgang, i juni 2013, konkluderte Fylkesmannen med at lege- og ambulansepersonell hadde handla forsvarleg. Men på bakgrunn av nye og meir utfyllande opplysningar blei saka opna att i juli 2014.

No har ein komme til at legen handla uforsvarleg. Men Fylkesmannen har ikkje kritisert ambulansepersonellet i saka.

– For meg var det heilt ulogisk at ingen skulle ha gjort noko gale. Eg er jo her. Korleis kan ein då seie at alt var rett. For meg har dette vore heilt uforståeleg, seier Alsaker.


Rune Alsaker fekk hjartestans i heimen sin i januar for to år sidan. Foto: MARIUS KNUTSEN

LES OGSÅ: – Feirar livet i kreftvideoen

Fekk saka opp på ny
Paul Christian Rynning er advokaten til 37-åringen. Han er glad for at Fylkeslegen har snudd, men skjønnar ikkje at ambulansepersonellet slepp fri.

– For meg er det vanskeleg å forstå at ikkje ambulansepersonellet får kritikk. Det er dei som ser skjermbilete og utskrifta frå hjartestartarmaskinen, og her viste det livsteikn. Kvifor har ikkje dei sett dette og gjeve melding vidare til legen? For meg er dette uforståeleg, seier Paul Christian Rynning.

Etter å ha studert detaljane i saka, utskrifta av dialogen med AMK og utskriftene frå hjartestartarmaskinen, sende han dette spørsmålet til Fylkeslegen i Hordaland og til Riksadvokaten, noko som gjorde at saka blei oppatteken. I ettertid har politiet lagt saka bort på ny.

– Inge Morild som har uttalt seg som sakkunnig for politiet i saka stilte same spørsmål som meg: Kvifor avslutta ein behandling som var vellukka? seier Rynning.

LES OGSÅ: Skreiv vinnarboka då ho vart sjuk

Såg livsteikn
To ambulansar køyrde mot bustaden til Rune etter at Eyvind Alsaker ringde AMK.

Ifølgje Fylkesmannen kom den første fram klokka 05.19. Legen kom til staden rundt klokka 05.35, og dei kopla til ein hjartestartar på Rune. Fram til 6.01 blei det utført avansert hjarte- lungeredning, før ein avslutta. Samstundes som dette blei gjort kjem det fram at fleire av dei som var til stades observerte at 37-åringane viste teikn til liv.

Deriblant broren Eyvind og foreldra som kom til leilegheita rundt klokka 06.30.

I konklusjonen til Fylkeslegen står det mellom anna at etter kvart som tida gjekk, og legen fekk informasjon om stadig fleire og tydelegare teikn på liv, så burde dette fått legen til å reagera. Fylkeslegen meiner at det er kritikkverdig at legen ikkje oppfattar og tolkar opplysningane som blei gjeve, og meiner at dette gjer at pasienten ikkje får naudsynt helsehjelp i timen mellom klokka 6.01 og 07.00.

 


Rune Alsaker (i midten) saman med broren Eyvind Alsaker og mora Kristi Helene Alsaker. Foto: MARIUS KNUTSEN

LES OGSÅ: – Det blir spesielt å sjå det igjen på tv-skjermen

Ynskjer innrømming
Rune Alsaker har vore gjennom månadar med rehabilitering etter hjartestansen. Han har fått varige skader på hjarta.

– Etterpå har eg har ynskje om å treffa dei involverte. Eg har prøvd å få til eit møte. Men det var uaktuelt. Det har vore heilt stille, seier Alsaker som føler seg veldig dårleg behandla av helsestellet.

– Eg skulle ynskja at ein eller annan stod fram og fortalde sanninga. At nokon spurde om eg kunne tilgje dei, seier Alsaker, som mellom anna har fått posttraumatisk stressliding.

Rune Alsaker har også fått avslag på søknaden om pasientskadeerstatning. Dette blei påklaga til pasientskadenemnda, og saka skal opp i Sunnhordland tingrett i mai.
Kommunikasjonssjef i Helse Fonna Margareth H. Langebro ynskjer ikkje å kommentera avgjerda til Fylkesmannen eller kritikken frå Alsaker.

– Me kommenterer ikkje enkeltsaker, seier Langebro.

Til trass for at Fylkesmannen har gjeve legen kritikk, får legen ikkje reaksjon etter helsepersonell-loven.

Les saka i Bladet Sunnhordland!