– Lediggang er rota til alt vondt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er så godt som ingen som tek vare på dei som ikkje kjem inn på ei utdanning, dei får ikkje jobb, dei får nesten ingenting, seier rektor Margaret Alme til Vikebladet Vestposten.

Ho er skeptisk til Framstegspartiet (FrP) sitt nye forslag, som går ut på at det skal setjast karakterkrav til elevane for at dei skal kunne komme inn på vidaregåande skule.

Utdanningspolitisk talskvinne i Framstegspartiet, Bente Thorsen, seier i eit intervju med Klassekampen denne veka, at partiet vil stille krav om at elevane må ha karakteren 2 i kjernefaga matematikk, norsk og engelsk for å komme inn på vidaregåande skule.

– I dag gjer vi ungdommen ei bjørneteneste når vi ikkje stiller krav til dei. Vi risikerer at ungdommen ikkje får noko ut av tre år på vidaregåande, seier Thorsen til Klassekampen.

– Eit samfunnsansvar

Rektor Margaret Alme seier ho er veldig skeptisk til forslaget, før ho får sjå heilskapen i det Framstegspartiet ynskjer.

– Når dei seier det slik dei seier det så er det nærmast underforstått at enkelte rett og slett ikkje er gode nok for den vidaregåande skulen. Kva skal desse gjere? Det å få ungdommen opp av senga og inn på skulebenken er eit samfunnsansvar, ein del av mandatet vårt. Det er ei tragedie for samfunnet at fleire ungdommar i dag gøymer seg bak attdregne gardiner. Vi skal motivere, ikkje ytterlegare ekskludere, seier Alme, og legg til:

– Lediggang er i mine auger rota til alt vondt. Etter at reform 94 vart innført skulle alle elevar få eit tilbod, uansett. Det har nok gjort noko med motivasjonen for nokre. Men kva er alternativet? I dag har alle elevar rett på å komme inn på eit av dei tre vala ein gjer seg når ein søkjer om vidaregåande opplæring, og slik bør det framleis vere, så lenge ikkje FrP eller andre kan kome med gode alternativ. Fleire kunne ha hatt godt av å gjere noko anna etter grunnskulen, men slik samfunnet er i dag, er ikkje det eit reelt alternativ.

– Fornuftig forslag

Knut Erik Engh, varaordførar i Ulstein og Framstegsparti-politikar, meiner forslaget frå FrP er fornuftig.

– Slik det er i dag kjem ungdommen inn på vidaregåande skule uansett. Dei som ikkje er motiverte tek dermed opp plassen for andre. Det kan vere meir fornuftig at dei tek opp igjen fag.

LES SAKA I VIKEBLADET!