Latter avslører venskap

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi ler oftare saman med andre enn åleine. Eit stort internasjonalt forskingsprosjekt har nyleg undersøkt korleis ein god lått mellom to menneske vert oppfatta av andre, skriv  Videnskap.dk.

Forskarane har undersøkt om tilhøyrarar frå 24 ulike land kan vurdere i kva grad to menneske kjenner kvarandre utifrå korleis dei ler saman.

Kjende att vennskap på tvers av kulturar
Særleg har forskarane studert om evna til å kjenne att venskap og framande basert på latter åleine, er avhengig av kultur.

Dei har difor bedt deltakarar frå 24 land lytte til opptak av engelsktalande personar som ler saman, skriv Videnskap.dk. Tilhøyrarane vurderte om para kjende kvarandre frå før eller var heilt framande for kvarandre.

LES OGSÅ: Opne armane – få fleire Tinder-treff

Det var dei overraskande gode på. Folk kjende att vener og framande på tvers av kulturar og språk. Forskarane konkluderte dermed med at latter i fellesskap er ein kommunikasjonsform som er universelt forståeleg.

Dette var funna:

► Venskap vart kjent att i 59 prosent av tilfella

► Venskap mellom kvinner vart kjent att i 83 prosent av tilfella

► Venskap mellom menn vart kjent att i 62 prosent av tilfella

► Framande vart kjent att i 62 prosent av tilfella

► Menn som ikkje kjente kvarandre vart kjent att i 57 prosent av tilfella

► Kvinner som ikkje kjente kvarande vart kjent att i 44 prosent av tilfella

Slik kan latter høyrast ut blant kjente:

 

Viser evne til å samarbeide
Forskarane meiner at evna til å kjenne att sosiale alliansar har spelt ei rolle i korleis vi har utvikla oss som art. Suksessen til menneska er nemleg avhengig av vår evne til å samarbeide andre.

– Men samarbeidet involverer ein del risiko, då andre menneske kan finne på å utnytte din innsats utan å gje noko tilbake. Derfor har vi bruk for å kunne vurdere og signalisere venskap og vilje til å samarbeide, seier forskaren Riccardo Fusaroli til Videnskap.dk.

LES OGSÅ:  Tennene avslører liva våre

Studien er publisert i tidsskriftet PNAS – Proceedings of the National Academy of Science.