Lærer raskare med dataspel

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Spelar du Call of Duty eller Assassin's Creed? Då kan du læra hand-auge-koordinasjon raskare enn dei som ikkje spelar, skriv Science Alert. Dei viser til eit forsøk gjort ved Universitetet i Toronto.

LES OGSÅ: Kan hjernen bli full?

Gradvis betre
I ei undersøking gjort på ei gruppe samansett av folk som spelar til vanleg og folk som ikkje gjer det, som skulle utføra oppgåver som testa nettopp hand-auge-koordinasjonen på ein dataskjerm. Oppgåva var å gjenta eit repeterande, men vanskeleg mønster.

I starten var resultata omtrent like for dei to gruppene, men utover i testen gjorde dei som spelar data til vanleg det langt bedre.

LES OGSÅ: Her kan du game i skuletida

Ikkje naturleg betre
Seinare vart dei same gruppene testa på å gjenta mønster som endra seg kvar gong, og ikkje var repeterande. Då var det liten skilnad mellom dei to gruppene.

– Dette er mest truleg eit resultat av at dei som spelar er mykje betre til å læra eit motorisk mønster. Spele-erfaringa gjorde at dei lærte lettare enn dei som ikkje spelar, sa Davood Gozli, som leda studiet, i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Egil Olsen – no også i dataspel