Læreplan utan bakkekontakt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først nokre spørsmål til lesaren: Er det rimeleg å vente at ein middels norsk 17-åring skal klare å «forklare hvordan litteratur og andre kunstuttrykk i og utenfor Norge har påvirket hverandre de siste århundrene»? Eller at same eleven skal kunne «drøfte sider ved norsk språkpolitikk og kulturutvikling i et globaliseringsperspektiv» på fornuftig vis?

Vidare: Er det grunn til å tru at dei fleste norske 18-åringar er i stand til å «drøfte det moderne prosjektet slik det uttrykkes i tekster av sentrale forfattere fra opplysningstiden via realismen til i dag» på ein skapeleg måte?

Slike mål verkar mildt sagt ambisiøse for alle som kjenner litt til kvardagen for norsklærarar i vidaregåande skule. Men skal ein tru Utdanningsdirektoratet, skal desse måla vere heilt overkomelege å nå for norske elevar. Døma over er nemleg henta frå den gjeldande læreplanen i norsk og er blant dei såkalla «kompetansemåla» som Utdanningsdirektoratet har laga for norsk vidaregåande skule. Det er ikkje snakk om ideelle mål for dei aller flinkaste, men om ting som alle norske elevar i prinsippet skal meistre når dei går ut vidaregåande.

Kven kan tru på dette?

– Urealistisk
Ikkje Gunnar Skirbekk, i alle fall. Nyleg reiste han ein debatt om læreplanen i norsk med ein kronikk om norskfaget i Bergens Tidende. «Utdanningsdirektoratet leverer høgttravande og innhaldstom pedagogisk retorikk og stiller urealistiske krav til elevane i norskfaget», skreiv Skirbekk, som er professor emeritus i filosofi ved Universitetet i Bergen.

– Omtrent alle som les læreplanen, vil sjå at han er heilt urealistisk, seier Skirbekk til Dag og Tid.

Gunnar Skirbekk har førelese på kurs for eit hundretal norsklærarar ei rekkje stader i Noreg den siste tida og opplever at frustrasjonen over læreplanen er nesten unison blant lærarane han møter.

– Læreplanen legg opp til at elevane i vidaregåande skal kunne drøfte uhyre vanskelege spørsmål, utan å ha den naudsynte kunnskapen i botnen. Da fortel du elevane at dei berre skal synse i veg utan å skjøne kva dei kan og ikkje kan. Det er uansvarleg.

Skirbekk meiner saka blir verre av at kompetansemåla i læreplanen faktisk har stor vekt, og ikkje berre skal vere vage ideal.

– Desse måla skal vere førande for undervisninga, for læreplanen seier ikkje lenger noko om kva kjernestoff elevane skal gjennom. Og kompetansemåla viser seg òg i ein del av eksamensoppgåvene, påpeikar Skirbekk.

I fjor vår fekk til dømes av­­gangs­elevane i vidaregåande i oppgåve å svare på dette til eksamen i norsk hovudmål: «Hvilken verdi mener du de sentrale ideene i det moderne prosjekt har i dag?» – eit svært krevjande spørsmål om ein skal ta et på alvor.

– Slike oppgåver er ei oppfordring til uklar synsing. Men når ein skal lære seg norsk, bør ein jo lære seg å uttrykkje ting ein kan, seier Skirbekk.

Fortvilande
– Sidan læreplanen ikkje seier noko om korleis ein skal nå måla, gjev det stor fridom til læraren. Men det er ein frustrerande jobb å skulle prøve å banke meining ut av denne planen. Glimrande lærarar kan sikkert klare å få noko ut av dette, men da er det trass i læreplanen, ikkje på grunn av han, seier Skirbekk.

– Dei mest seriøse lærarane er ofte dei som er mest fortvilte. Vi veit òg at mange med svake karakterar blir lærarar i dag. Det gjer problema enda meir alvorlege.

Han rettar hard kritikk mot Utdanningsdirektoratet som står ansvarleg for læreplanen, og meiner både leiinga og avdelingane for læreplanar og eksamen bør skiftast ut.

– I siste instans er dette departementet sitt ansvar. Men politikarane har plassert ansvaret hos Utdanningsdirektoratet. Og når direktoratet ikkje lever opp til ansvaret sitt, må ein rokere på dei folka som ikkje fungerer.

Røyndomsfjernt
Kritikken frå Skirbekk får full støtte frå Atle Måseide, som er førsteamanuensis i filosofi ved Universitetet i Tromsø.

– Da eg første gong såg læreplanen for norskfaget, tenkte eg på det engelske uttrykket «nonsense on stilts» – meiningsløyse på stylter. Planen består av honnørord i trygg avstand frå skulekvardagen. Trur ein at elevar på 17 og 18 år er geni og pålegg dei oppgåver i samsvar med det, må det gå ille. Eg er ein sterk tilhengjar av kunnskapsskulen. Men skal skulen bli kunnskapsskule og ikkje luftslott, må ein vite kva ein faktisk lagar planar for, seier Måseide.

– Tek ein planen på ordet, verkar det som om Utdannings­direktoratet trur vi er ein nasjon av geni. Hadde vi hatt eliteskular der berre intellektuelt svært gåverike elevar slapp til, kunne lista leggjast høgt. Men i Noreg har alle lovfest rett til vidaregåande opplæring.

Måseide viser til at han har førti års erfaring som sensor ved ex.phil. ved fire norske universitet.

– Eg veit kva nye studentar har av skrivekompetanse i norsk. Samanliknar ein den med læreplanen for vidaregåande skule, er det vanskeleg å tru at planen er seriøst meint. Men den er nok dét. Røyndomskontakt verkar vere mangelvare i Utdanningsdirektoratet. Dei som har laga og godkjent læreplanen, ser ut til å vere kvalifiserte for heilt andre oppgåver, seier Måseide.

– Omfanget for kvart kompetansemål minner om ein studie­plan for det gamle hovudfaget i nordisk. Norskfaget må få eit omfang som gjev faglege utfordringar utan å vere uhandterleg for normaleleven.

Les òg: Send sensorane på kurs

Frustrerte lektorar
Så langt filosofane. Men kva synest norsklektorane om den læreplanen dei skal prøve å følgje opp i kvardagen?

– Det er veldig frustrerande. Dei som har kunnskap til faktisk å forstå læreplanen, ser at måla er veldig ambisiøse og ganske urealistiske. Og dei lærarane som prøver å følgje han, slit seg ut, seier Gro Elisabeth Paulsen, som er leiar for Norsk Lektorlag.

– Mange av kompetansemåla er så høge at dei kunne krevje eit liv med forsking å nå?
– Ja, og det er ingen god måte å skulle lære opp ungdomar på. Ein set opp veldig høge ideal, men den underliggjande bodskapen er at ein eigentleg ikkje tek måla så alvorleg likevel. Det blir ei form for læreplanhykling, seier Paulsen.

– Skal ein ta kompetansemåla alvorleg, krev dei enorme kunnskapar i kulturhistorie, historie, antropologi, religion, kunst og så vidare. Det verkar mot føremålet sitt å pynte seg med så fjonge ord. Les du eksamenssvara til elevane, ser du korleis språket til svært mange av dei smuldrar opp når dei prøver å svare. Mange slit jo med å fullføre ei korrekt setning eller å få samanheng i ein tekst på meir enn fire liner. Det er eit enormt sprik mellom realitetane og visjonen.

Det gjer saka verre at læreplanen for norskfaget er svært omfattande og inkluderer så mykje ut over kjernen i faget, meiner Paulsen.

– Dei har dytta så mykje anna inn i norskfaget: multimediale tekstar, digital kompetanse og så vidare. Slike emne kan vere viktige nok i seg sjølve, men summen blir rett og slett for stor.

– Om læreplanen ikkje er skriven for den verkelege norske skulen, kven er han da skriven for?
– Eg veit ikkje. Kanskje er han laga for at Noreg skal kunne vise fram at vi har eit flott skulesystem. Folk som kjem utanfrå og berre ser læreplanen, kan jo bli imponerte over kva norske elevar kan.

– Men Utdanningsdirektoratet har vist til at mange skulefolk deltok i arbeidet med læreplanane?
– Ja, i læreplangruppene var det mange fagfolk med, men det verkar ikkje som om direktoratet høyrde på dei. Dei har i alle fall ikkje høyrt på dei meir jordnære lærarane. Og mange av medlemene våre som gjennom fleire år har kontakta Utdanningsdirektoratet for å ta opp problem, har opplevd svara derifrå som arrogante. Direktoratet har fått mange skarpe tilbakemel­ding­ar, men har ikkje blitt betre til å lytte, seier Paulsen.

Les òg: Vil ha mindre satsing på nynorsk i norskfaget

– Det vil alltid vere delte meiningar blant lærarane
Også Utdanningsdirektoratet erkjenner at læreplanen for norskfaget er overlest, seier divisjonsdirektør Erik Bolstad Pettersen.

– Det er ei allmenn oppfatning at norskfaget er noko overlest, fortel Erik Bolstad Pettersen, divisjonsdirektør for innhald og utvikling i Utdanningsdirektoratet. Prosessen med å lage nye læreplanar for mellom anna norskfaget er no i gang.

– Gjennom læreplanprosessen er målet å løfte fram kjernen i norskfaget og få færre tema.

– Men korleis kom dei absurd høge kompetansemåla inn i den eksisterande læreplanen?
– At måla er absurd høge, vil eg ikkje vere med på. Læreplanar blir til ved at lærarar jobbar i læreplangrupper, og utkasta går gjennom ein omfattande høyringsprosess. Eg vil seie at læreplanen er godt forankra i skulen.

– Eg meiner dagens læreplan i norsk er absurd. At elevane skal kunne forklare «hvordan litteratur og andre kunstuttrykk i og utenfor Norge har påvirket hverandre de siste århundrene», er både veldig vagt og ekstremt ambisiøst.
– Eg vil ikkje bruke omgrepet absurd. Men det er ei erkjenning av at læreplanen er noko overlest.

– Somme av kompetansemåla i læreplanen er spørsmål på doktorgradsnivå. De kan umogleg vente at norske elevar skal meistre alt dette?
– Det krev høg måloppnåing å meistre det fullt ut. Men du kan ha ulike gradar av måloppnåing opp mot kompetansemåla.

– Leiaren i Lektorlaget fortel at misnøya er svært stor med læreplanen ute i skulen?
– Ja, og det er ein grunn til at vi no gjer ein større gjennomgang av planen. Men det vil alltid vere delte meiningar blant lærarane.

– Men her er det ikkje berre snakk om delte meiningar, men ein veldig utbreidd misnøye.
– Ja. Det er på bakgrunn av tilbakemeldingar frå lærarar at vi no reviderer læreplanane. Dagens læreplan er veldig ambisiøs.

– Sjølv om lærarar bidreg i læreplanprosessen, er det Utdanningsdirektoratet som fører teksten i pennen til slutt?
– Direktoratet får forslag frå læreplangruppene, bearbeider dei om det trengst, og sender utkasta på høyring. Deretter sender vi forslag til Kunnskapsdepartementet som skal godkjenne læreplanane.

– Vi ønskjer å ha ei stor og brei mobilisering som forankrar læreplanane i sektoren. Men det vil alltid vere ulike syn på kva tema som skal vere i læreplanen og kor ambisiøs ein skal vere, seier Erik Bolstad Pettersen.

Les saka i Dag og Tid!