Lærar stal frå Auschwitz

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På tysdag vart ein lærar teke på fersk gjerning i konsentrasjonsleiren Auschwitz. Museumsvaktene fann ei rekkje gjenstandar på mannen, mellom dei ein gaffel, ei saks og nokre porselensbitar.

– Mannen er lærar i Berlin og ønska å syne gjenstandane til elevane sine, som held på med eit prosjekt om holocaust, seier Mariusz Slomka i dei lokale påtalemyndigheitene til nyhendebyrået AFP. Det melder NTB.

LES OGSÅ: Vil stogge norsk våpeneksport

Læraren hadde grave opp gjenstandane frå eit område der lagerbygningar fulle av fangane sine eigedelar stod under andre verdskrig.

Etter å ha innrømme ugjerninga og godteke ein tilståingsdom på ubetinga fengsel og ei bot, vart 47-åringen laussleppt.

Over ein million jødar vart drepne i konsentrasjonsleiren og seinare utrydningsleiren Auschwitz-Birkenau mellom 1940 og 1945.

LES OGSÅ: Rolig no! Rolig!