Lanserer sex-app for ungdom

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Som dei første i landet lanserer no helsesøstrene ved helsestasjonen i Drammen ein gratis ungdoms-app med informasjon om alt frå prevensjon og kjønnssjukdommar til psykisk helse.

Helsestasjon for ungdom-appen (HFU) skal gjere det lettare for dei unge å finne rett og god informasjon om kropp og seksualitet i jungelen av nettstader om slike tema på internett, fortel NRK.

Det er det behov for, for kunnskapsløysa er urovekkjande stor blant dei unge, meiner helsesøster og sexolog Sissel Irene Thon.

– Vi tenkjer at det er mykje kunnskapsmangel når somme trur at dei kan bli gravide etter å ha fått sæd på låret, seier Thon, som seier ho ofte møter feilinformerte ungdommar.

– Vi har hatt eksempel på at det å måle temperatur er ein naturleg prevensjonsmetode som blir tilrådd. Det kan ein bruke viss ein ønskjer å bli gravid i eit fast forhold, men for unge jenter er det svært risikofylt, seier Thon.

HFU er mynta på både gutar og jenter i Drammen og alle andre stader i landet. (©NPK)